PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noDen danske forretningsbanken arbeider for å sikre seg det som finst av verdiar frå nordfjordingen. Men denne gong møtte danskane veggen. Dottera sitt hus Banken har eit retts— og tvangskraftig krav på rundt hundre millionar kroner mot JacobsenHuset står oppført på Jacobsen si dotter, men Jyske Bank meinte at det i realiteten er Rolf M. Jacobsen som eig det. Difor gjekk banken til sak for å få hand om huset. Dette som ein del av oppgjeret etter ein dom i engelske High Court, der Jacobsen vart dømt til å betale banken tilbake meir enn 100 millionar kroner. Jacobsen var ein av rundt 30 personar som blei dømde i ei av dei større svindelsakene i Europa. Til saman vart banken tilkjent meir enn 500 millionar kroner frå dei saksøkte. Eigedomssvindel Svindelen mot banken skjedde i stor grad gjennom eigedomshandel i Sør-Spania, men minimalt av verdiane kunne hentast tilbake ved å realisere eigedommane.I den store samanhengen blir tvisten i Nordfjord namsrett såleis for småpengar å rekne. Spørsmålet for namsretten var korvidt familiehuset på Eid er eigd reelt, eller berre i namnet, av Jacobsen si dotter.Banken påstod at det i realiteten er Rolf M. Jacobsen sin eigedom, og at dei difor har krav på den.- Vi vurderer no om vi skal anke avgjerda i Nordfjord namsrett, seier Jyske Bank sin advokat i Norge, Runar Hansen. Banken har så langt berre greidd å få inn ein liten brøkdel av det totale kravet mot Jacobsen.