I dag, 22. januar, les me i BT at «dette var et utgangspunkt for en vekkelse i Nepal». Med dette utsegnet synest det vanskeleg å bortforklara at han sjølv kan ha framprovosert arrestasjonen.

Muslimar i Norge utøver sin religion blant sine eigne utan behov for å «vekkja» oss nordmenn. For mange nordmenn (inkl. kristne) vert det imidlertid for sterk kost å la muslimane ha bønerop nokre minuttar kvar veke.

Korleis stiller Berg og hans trusfeller seg til dette?

Det burde ikkje nyttast offentlege ressursar på ei sak som Berg si. Samstundes har eg medkjensle med borna hans som vert utsette for slike påkjenningar.

ELIN GREVE, VALESTRANDSFOSSEN