På den delen som omhandlar skule og eldre, skriv Brosvik om kor viktig KrF tykkjer det er med god kommuneøkonomi slik at ein sikrar ein god skule og ei verdig eldreomsorg. På dette punktet er vi i Senterpartiet einige med Brosvik. Men det vert nærast frekt, når Brosvik set kommuneøkonomien inn i skrytelista til KrF.

KrF har gjort det tvert motsette av å styrke økonomien til kommunane. Over 50% av kommunane har måtte kutte i sine skule og/eller omsorgsbudsjett etter at KrF gjekk saman med Høgre i regjering. Dette fordi overføringane har gjeve kommunane stadig mindre pengar å rutte med. Auka kommunane fekk denne våren var det Senterpartiet og resten av opposisjonen på Stortinget som stod for medan KrF og dei andre regjeringspartia ville vere langt mindre rause.

Kutta som over halvparten av kommunane måtte gjere i budsjetta betyr dårlegare omsorgstenester og dårlegare skule for folk rundt om i landet. Dette har KrF vore med på. Kvifor er det større grunn til å stole på at KrF skal halde løfta sine etter dette valet?

Dersom vi skal få til ein betre skule for borna våre og ein verdig alderdom for våre eldre, må ein gje meir pengar til dei som utfører desse tenestene. Senterpartiet vil arbeide for at kommunane skal få meir midlar, og vi fyljer opp lovnadane i Stortinget.

Stortingsrepresentant Rune Skjælaaen (SP)