Sjølv om den offisielle statistikken over årets laksefiske i elv og sjø ikkje er klar før nærare jul, konkluderer Direktoratet for Naturforvaltning (DN) med at 2001–sesongen har vore mellom dei beste sidan tidleg 90-talet.

Etter nokre historiske botnår like før årtusenskiftet, tok laksefisket seg kraftig opp i fjor. Sjølv om fisket denne sommaren ikkje har vore fullt så bra som i 2000, vert det likevel godkjentkarakter frå DNs fiskeekspertar.

Rapportar frå fiskarar

Konklusjonen om at mengda rømt oppdrettsfisk i elvane er redusert, er trekt på bakgrunn av rapportar frå fiskarar og grunneigarar.

— Vi kan ikkje seie dette 100 prosent sikkert, men inntrykket eigarar og fiskarar sit att med er at det er mindre oppdrettslaks i fangstane no enn før, opplyser rådgjevar Stig Johansson i direktoratet. Det er rapportar frå fylkesmennene som dannar grunnlaget for det førebels oversynet over laksefisket DN går ut med.

Seint, men godt

Årets sesong starta svakt, men utover sommaren tok fisket seg veldig opp. - Innsiget av laks kom seinare enn venta. Vi snakkar i alle fall om eit par veker, konstaterer fiskeforvaltar Eyvin Sølsnæs hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det seine innsiget er også forklaringa på dei nærast eventyrlege fangstane enkelte kilenotfiskarar opplevde i år. For første gong på årevis stod nøtene i sjøen medan hovudinnsiget av fisk kom. Langs heile vestlandskysten melde sjøfiskarane om fangstar dei må år tilbake for å ha opplevd maken til. Spesielt store mengder laks gjekk i nøtene i ytre deler av Hordaland, og i direktoratet konkluderer dei med at mykje av dette var laks på veg til elvar i andre fylke.

Blanda kost

Bortsett frå at laksen kom seint, er det ingen fellesnemnar for fisket på Vestlandet denne sommaren. I Hordaland er det særleg fisket av mellomstor laks som har dominert, medan det ikkje har vore noko godt smålaksår. Frå sognelvane tyder rapportane på betre fiske etter storlaks og mellomlaks samanlikna med ein gjennomsnittssesong.

I Sunnfjord er fangsten av smålaks og mellomlaks dårlegare enn i fjor.

I Nordfjord har sesongen derimot vore den beste på årevis. Fisket ser ut til å ha vore betre enn rekordåret 2000. Og ulikt områda lenger sør på Vestlandet, har det i Nordfjord vore eit kronår for smålaks.

Lakselusa

Forklaringa på variasjonane meiner forskarane er lakselusa. All smålaksen i Nordfjord stammar frå fjorårets smoltårgang. I følgje granskingene til Havforskningsinstituttet var smolten i Nordfjorden bortimot fri for lakselus i fjor.

Laksesmolten overlevde altså utvandringa gjennom fjorsystemet i Nordfjord, og har i år komme tilbake som smålaks.

Held konklusjonane til forskarane stikk, vil neste år verte eit dårleg år for smålaks. Havforskingsinstituttet hevda i vår at så mykje som 90 prosent av all smolten som vandra ut Sognefjorden dauda på grunn av lakselus.

BESTE SESONG: I Nordfjord har laksesesongen 2001 vore den beste på årevis. Her eit bilete frå laksefisket i Eidselva i juni. Atle Sunde med sin første laks på oppunder ti kilo.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN