ARNE HOFSETH arne.hofseth@bergens-tidende.no

Politimeister Finn T. Rud seier til Bergens Tidende at han ser på nedgangen frå 1999, i melde saker, som naturlege variasjonar. 2000-tala er om lag på line med 1998.

Stort sett er Hardangerbygdene trygge og gode samfunn å bu eller opphalda seg i, meiner Rud. Politiet og lensmannsfolka har høg oppklaringstid og kort sakshandsamingstid.

Det er først og fremst vinningsbrotsverka som syner nedgang. Det var færre innbrotsraid i Hardanger i fjor. Unnataket er Ullensvang/Eidfjord og Jondal.

Jondal er einaste lensmannsdistriktet utan narkotikasaker, korkje i fjor eller året før. Elles breier problemet seg utover i bygdene, medan Odda opplevde ein nedgang etter offensiven i 1999.

Politimeisteren vil gjerne ha bukt med vald og trugsmål innanfor familiane. Dei siste åra har ein i distriktet satsa meir på tiltak som valdsalarm og besøksforbod.

Hardangervegane har kravt menneskeliv også i 2000. Dette året omkom tre menneske i trafikken, trass i kontroll av 11.640 køyrety, og rekordmange bøter. Ein må attende til 1990 for å finna eit år utan at vegane kravde liv.

I Hardanger politidistrikt var det i fjor 19 redningsaksjonar. Nokre med tragisk utgang, og med brannen i Seljestadtunnelen som den mest dramatiske. Ei flyulykke førte heldigvis berre til lettare personskade.

Trongare økonomiske tider for folk i distrikta merkast i ein auke av tvangssaker på lensmannskontora, og færre pass.