OVE A. OLDERKJÆR (tekst og foto) ove.olderkjær@bergens-tidende.noØlen

– Hus, bilar, hytte, datamaskin – me har jo alt! Noko utskeiing blir det heller ikkje, seier Karl B. Langerud – i Ølen omtalt som Kalle.

– Men det blir vel ei råd med dei gardinene kona har snakka om, legg han til.

– Eg slepp no å sy dei sjølv, kommenterer fru Marit Langerud.

– Nei, me beheld roen. Og å slutta å jobba er det garantert ikkje snakk om, seier Kalle, som før siste Viking Lotto-trekning leverte inn sine to kupongar hos kameraten på Diversen i Ølen sentrum. Her tippar han jamnleg på både fotball, hest og altså lotto.

– To ferdigutfylte kupongar. Innsats 60 kroner, seier Kalle Langerud.

I retur fekk han førstepremien verd 5.550.311 kroner – og 35 kroner på femtepremien – for talkombinasjonen 8-31-35-43-47-48.

Ein dag om gongen – 5,5 millionar. Jau, det er mykje pengar. Me får sjå kva dei skal brukast til. Får ta ein dag om gongen, seier Kalle Langerud, opphaveleg frå Randaberg utanfor Stavanger.

Vinsten er like stor som den innsatsen bygdefolket i Ølensvåg la ned i dugnad og innsamla pengar for fire år sidan for å berga barneskulen som kommunen ville leggja ned.

Denne helga held ekteparet seg heime som om det var ei normal helg i bustaden sør for Ølensvåg, berre fire hundre meter frå grensa til Rogaland. Ho jobbar i Etne kommune, han har i 22 år vore tilsett på Westcon-verftet i Ølensvåg, dei fleste åra som sveisar.

I det siste har Langerud vore lagersjef hos Westcon. Han stilte på jobben klokka sju morgonen etter at han var erklært lottomillionær. Nyhendet spreidde seg fort på verftet, og vinnaren ville spandera kake på kollegaene sine. Men konditoriet var utselt, så det blei med wienerbrød.

I går var Langerud på utdanningsmesse for arbeidsgjevaren sin i Tysvær.

Kona trudde det ikkje Kalle Langerud sat og følgde med på fjernsynet under lottotrekkinga. Han skreiv vinnartala på ei avis og sjekka fleire gonger, og det gjorde også kona. Så kom svogeren bort frå nabohuset.

–Herregud, me har visst vunne fem og ein halv million! sa eg. Men kona trudde framleis ikkje på det.

– Ikkje før ei dame ringte frå Norsk Tipping ein halv time etter trekkinga, seier Marit Langerud.

– Du høyrest roleg ut, sa dama til meg. Og det er eg. Me tek ikkje av, seier Kalle Langerud, og snakkar varmt om turar han og kona har hatt med Hurtigruta.

– Det finst ikkje noko finare ferieliv. Men Karibien er ikkje noko for oss. Å berre sjå ut på havet? Nei, takk. Noreg er vårt nærmaste ferieland – også etter dette, seier Marit og Kalle Langerud.

Paret har ikkje barn sjølv, så noko av vinsten vil nok koma tante— og onkelungar til gode. Å finansiera eit førarkort eller to kan til dømes koma på tale, røpar dei.

Kalle Langerud i Ølen halte i land ein av toppvinstane i Viking Lotto på 5,5 millionar kroner denne veka. Den andre gjekk til Danmark. Langeruds innsats var 60 kroner.