Medan TV-kanalen TV 2 isolert sett hadde eit overskot før skatt på 133 millionar kroner, førte tap i dotterselskap og tilknytta selskap på heile 117 millionar kroner til at Kåre Valebrokk onsdag måtte leggje fram raude tal for TV 2-konsernet.

Konsenet hadde i fjor ei underskot etter skatt på 28 millionar kroner.

Tap på internett

Det største einskildtapet skriv seg frå TVNorge, der TV 2 eig nær halvparten av aksjene. Til saman har TV 2 bokført 61 millionar kroner i tap i TVNorge, av dette 46 millionar i driftstap og 15 millionar i goodwill-avskrivingar.

Internett-satsinga har heller ikkje vore nokon suksess for TV 2, med eit bokført tap på nær 20 millionar kroner i TV 2 Interaktiv. I det heileigde dotterselskapet TV 2 Invest var tapet enno større — heile 29 millionar kroner.

Reklamesvikt

Trass i at TV-kanalen isolert sett gjekk i pluss, vart driftsresultatet for 2001 nær halvert i høve til året før. Driftsmarginen vart redusert frå 19,2 til 10,3 prosent.

— Dette skuldast primært at det har vore nullvekst i reklamemarknaden, samstundes som programskjemaet i TV 2 er kraftig styrka, skriv TV 2 i si pressemelding.