No vil Bergen kommune forlange at Kyrkje-, utdannings— og forskingsdepartementet grip inn og gjer det lettare å halde styr på kven som har krav på støtte.

— Ingenting er tilrettelagt slik at vi kan gjere jobben vår på ein sikker og god måte. Det er ikkje mogleg for oss å sikre at pengane blir utbetalt til dei som har krav på dei, seier finansdirektør Per Kristian Knutsen i Bergen kommune.

Norske kommunar er pålagt å betale like mykje per medlem til dei ulike trussamfunna som dei gir til Den norske kyrkja.

Floraen av trussamfunn med medlemmer registrert i Bergen er rikhaldig - sidan 1992 har 245 ulike religiøse organisasjonar fått kommunale pengar. Lista inneheld alt frå Åsatrufellesskapet Bifrost, Det Kosmiske Trossamfunn og Foreningen Forn Sed til Levende Ord Bibelsenter, St. Paul Menighet og Humanetisk Forbund.

Totalt er det utbetalt over 40 millionar kroner på desse ni åra. I tillegg kjem den statlege støtta frå fylkesmannen.

Får ikkje sjekke statskyrkja

I rådhuset i Bergen er det Reidun Hogstad på finansavdelinga som har ansvaret for å gå gjennom søknadane. Ho skal sikre at det ikkje blir utbetalt støtte for same person fleire gonger, og at ingen får støtte som ikkje er busett i Bergen.

I praksis har ho ein umogleg jobb: * Eit par trussamfunn vil ikkje levere inn namnelister. Den Islandske Lutherske Evangeliske Menighet i Norge har fått medhald hos fylkesmannen i at dei kan nekte dette.

  • Det er ikkje lov å sjekke om dei oppgitte medlemmene også er medlem i statskyrkja, trass i at slikt medlemskap diskvalifiserer frå støtte.
  • Det er ikkje lov å leggje inn alle listene på data, for på den måten å kontrollere om same person står oppført fleire plassar.

- Store opningar for feil

Dermed sit Hogstad med nærare 200 lister kvart år som ho må gå gjennom manuelt. Dersom ho vil sjekke om ein person på ei liste også står oppført på ei anna, må ho gå igjennom alle 200 listene.

— Det er ikkje mogleg å kontrollere alle, det blir berre stikkprøver, seier Hogstad.

Finansdirektør Per Kristian Knutsen er frustrert.

— Det er faktisk snakk om ein del pengar. Det må vere gale å ha eit system som gir store opningar for feil utbetalingar, seier Knutsen.

Han tykkjer det er underleg at kommunen ikkje får sjekke om personar er medlem i statskyrkja, og spør seg om ikkje eit sentralt register utan innsyn for uvedkommande kunne tatt seg av denne oppgåva på landsbasis.

— I dag sit alle kommunar og slit med dette, i tillegg til alle fylkesmennene. Det harmonerer dårleg med ideen om ein enklare og meir rasjonell offentleg sektor, seier Knutsen.

Han har allereie drøfta saka med finansbyråd Trond Tystad, og vil no sende brev til departementet om saka.