Millionkutt i skulebudsjettet er dårleg nytt for nedleggingstruga skular i Fusa. Fredag vedtok formannskapet knappe rammer for skulane i kommunen.

Knappe 41 millionar kroner endte skulebudsjettet på, noko som inneber eit kutt på halvannan millionar kroner.

— Det er baskje, for å seie det på godt norsk, seier oppvekst og kultursjef i Fusa, Terje Raunsgard, oppgitt til BT.

— Den stadige diskusjonen om talet på skular er baskje, både for politikarane, administrasjonen, elevane og ikkje minst foreldra.

No spelar formannskapet ballen vidare til Utval for oppvekst og kultur. Medlemene der får fullmakt til å fordele potten på dei ulike områda i skuleetaten.

— Men formannskapet viser til tidlegare vedtak om skulestrukturen i Fusa, seier ordførar Asbjørn Heidal.

Tidlegare i år vedtok politikarane endringar i skulestrukturen på Fusahalvøya. Strandvik, Vinnes og Fusa skular skal erstattast av ein ny, stor skule for heile området. Dessutan skal det vurderast om elevane ved Holdhus skule skal overflyttast til Eikelandsosen.