OVE A. OLDERKJÆR Ove.oldekjaer@bt.noStord

I samband med sandblåsing av tre turbinrøyrleidningar i Hardelandsvassdraget i fjor vinter, unnlet kraftselskapet og sandblåsefirmaet å samla opp blåsesanden.Det resulterte i at minst 20 tonn brukt sand blei skylt ned i tunnelen og til sist hamna i Kritleelva og Hardelandsvatnet i Etne.

Haugaland Kraft må ifølgje Økokirm betala 800.000 kroner i bot, sandblåsingsfirmaet 200.000 kroner.

Administrerande direktør Bjørn M. Apeland i Haugaland Kraft seier at selskapet først i neste veke vil ta stilling til om førelegget blir vedteke.

Haugaland Kraft har elles brukt store summar — rundt 1,7 millionar kroner - på å rydda opp etter blåsesandutsleppet, som selskapet sjølv varsla Statens forurensningstilsyn om tre veker seinare. I tillegg pliktar Haugaland Kraft å kosta eit treårig prøvefiskeprogram til 300.000 kroner.

Økokrim grunngir førelegget med at kraftselskapet både gjorde seg skuld i utsleppet og let vera å setja i verk langsiktige tiltak for å avgrensa skadeverknadene.