Innan 2005 må selskapa som opererer på norsk sokkel ha gjennomført tiltak som gir nullutsleopp frå plattformene. Hovudutfordringa er dei stadig aukande mengdene av såkalla produsert vatn.

Store mengder

I år blir det sleppt ut 120 millionar kubikkmeter i havet av dette vatnet som er restar av ut-vunne og petroleumforedla reservoarfunn.

Saman med Phillips og Statoil gjennomfører Hydro eit prosjekt for reinsing av produksjonsvatnet, som blant anna inneheld fenolar, polyaromatiske hydrokarbonar (PAH) og naftalinar som kan gje alvorlege skader på fisk.

Havforskningsinstituttet har blant anna påvist at alkylfenolar gir mindre rogn hos hotorsk. Gytebestanden av torsk er i år elles på eit historisk lågmål, åtvarar Det internasjonale råd for havforsking, ICES.

Lovande teknologi

Hydro, Statoil og Phillips satsar i fellesskap på ein lovande reinseteknologi kalla C'Tour. Teknologien skal no testast ut på felta Snorre og Oseberg (opererte av Hydro), Ekofisk (Phillips) og Statfjord (Statoil).

I tillegg ser Hydro på om det er råd å sprøyta det produserte vatnet frå felta Snorre og Vigdis tilbake til reservoara etter at det er reinsa for sand. Det kan også ha ein økonomisk vinst ved at større oljemengder kan pressast ut.

Hydro vurderer to alternativ for eit reinjiseringsanlegg på den snart ti år gamle Snorre TLP; eitt anlegg som blir integrert i det eksisterande produksjonsanlegget, og ein eigen modul som blir bygt på land og deretter plassert på ei søyle på plattforma.