Are Kalvø

Men Norges største avis vel akkurat dette tidspunktet for ein stor artikkelserie om at det er dyrt å parkere i Norge.

Kvifor? Og kvifor akkurat no?

Det verkar så meiningslaust.

Når ein har hovudet fullt av krig, så treng ein å kople av med noko hyggeleg. Noko som kan minne ein om at livet ikkje er så verst likevel, om ein berre veit å leve det på den rette måten.

STATSMINISTEREN har forstått det. Han har sikkert mykje å tenkje på for tida, han som oss andre. Likevel tar han seg tid til å vere med i «Komplottet» på TV3. Sidan dette er på TV3, så er det naturlegvis ikkje mange som har sett det, men statsministeren deltok altså i eit innslag i sesongens første utgåve av «Komplottet», der han lurte Kjell Inge Røkke. Det er sikkert lett å kritisere Kjell Magne Bondevik for dette, dersom ein ønskjer å vere vanskeleg og vrang. Det er sjølvsagt lett å seie at ein statsminister bør ha viktigare ting å drive med. Eller at det er merkeleg at ein mann som er så kritisk til tv-humoristar ser ut til å ha så utruleg lyst til å vere tv-humorist sjølv. Men slike innvendingar er smålege. Spesielt no. Vi bør lære av statsministeren. Vi bør unne oss litt hygge og latter i desse tunge tidene.

AVISENE bør også lære av statsministeren. Når krigen kanskje er rett rundt hjørnet, treng vi ikkje endå meir elende på førstesidene. Det er det siste vi treng. Kvifor ikkje fylle avisene med hygge, smil og glade historier frå livets solside? Historier om friske folk som tar gull i ski-VM, for eksempel? Gladsaker om kattar som overlever full maskinvask og sentrifugering? Slike ting. Eg veit at avisene nemner desse sakene også, men er det nødvendig å gøyme dei vekk? La dei blomstre! Gi dei plass!

Men slik tenkjer ein ikkje i vår største avis. VG finn det for godt å nytte høvet til å ta frå oss den siste resten av livsgneist. «VG setter søkelys på P-avgiftene: MILLIARDSLUK FOR NORSKE BILISTER» står det før førstesidene. Og dette er berre ei av mange overskrifter som minner oss på at det kostar pengar å parkere ein god del plassar her i landet. Og vi spør oss om vi har noko igjen å leve for.

KANSKJE blir det storkrig. Og vi må betale bortimot ti kroner timen for parkering. Er det noko vits i desse greiene vi kallar livet viss det skal vere slik?

Kva vil VG med dette? Knekke oss heilt?

Neste veke veit eg ikkje om eg orkar å lese aviser. Kven veit kva dei skriv om? Kanskje er neste ledd i VGs plan ein artikkelserie om at det kostar pengar å kjøpe bil også? I mange tilfelle tusenvis av kroner.

Då har vi ingenting igjen.

Då kan krigen berre kome.