Den 150 meter lange og over 20 millionar kroner dyre tunnelen på Digernes på Stord var eit avgjerande miljøtiltak som sikra SV-støtte og stortingsfleirtal for Trekantsambandet i 1996. Vegvesenet meinte tunnelen var unødvendig, og må etter eit halvt års bruk til overmål ut med 100.000 kroner i erstatning for støyplager som tunnelen er med på å skapa. Overskjøn Det er Gulating lagmannsrett som i sitt overskjøn gir bonde Ole Gjermund Digernes ekstra ulempeserstatningar i høve til skjønet i Sunnhordland heradsrett.Miljøtunnelen er tilplanta på taket og europavegen har fått to saueundergangar i området for å gjera gardsdrift mogeleg for Digernes på heile eigedommen sin. Veganlegget gir bonden likevel slike driftsulemper at han får 50.000 kroner i erstatning for såkalla arronderingsulemper, og altså 100.000 kroner for det som heiter nærføringsulemper.Ifølgje lagmannsretten er nærføringsulempeserstatninga eit plaster på såret for støyen som bru— og veganlegget skapar for bonden på Digernes.«Særlig plagsom er slaglyden som høres når biler passerer overgangen mellom bro og veg, samt den forsterkede lydeffekt som oppstår ved munningen av miljøtunnelen,» konkluderer lagmannsretten i overskjønet. - Glad eg er ferdig - Ulempeserstatninga er bra, men eg hadde håpa på ei betre erstatning for arealet som er tapt, seier Ole Gjermund Digernes til Bergens Tidende.Digernes' våningshus og driftsbygning ligg berre eit steinkast frå Stordabrua og miljøtunnelen. Trafikken over E 39 Trekantsambandet høyrest tydeleg, men varierer med vindretningane.- Trafikklyden frå tunnelen høyrest ikkje heime frå tunet, men på nordsida gir bilane eit konsentrert lydbilde som blir forsterka framover, seier Ole Gjermund Digernes.- Skjønet er vel no opp- og avgjort. Eg er glad eg er ferdig med det, seier Digernes, skuffa over at han ikkje får dekka advokatutgifter på 30.000 kroner som han pådrog seg for å sikra seg at vegvesenet bygte den stortingsvedtekne miljøtunnelen. 1,2 mill kroner Staten må ut med vel 1,3 millionar kroner i erstatning for grunnavståing og ulemper i samband med utbygginga av Trekantsambandet i Stord kommune. Fem grunneigarar har vore involverte i skjønet. Overskjønet stadfestar heradsrettens erstatning på fem kroner kvadratmeteren for avstått utmark, og femten kroner for innmark.Kirsten og Knut Horneland, som avstod 3000 kavdratmeter til anlegget, får heva si erstatning frå 40 til 50 kroner rutemeteren. Den avståtte eigedommen ligg i forlenginga av Heiane industriområde.Marit og Andreas Hjartåker får derimot redusert ekspropriasjonserstatninga frå 40 til null kroner sidan behandlinga i heradsretten. Lagmannsretten grunngir det med at deira tidlegare areal på 2500 rutemeter ved Meatjørn på Heiane ikkje kan reknast som eigna for busetnad på grunn av djup- og botnforhold i myrområdet. Aker-klubb får Verkstadklubben Aker Stord får 298.000 kroner i ulempeserstatning for støy, støv og innsyn som følgje av at Stordabrua og Trekantsambandets bomstasjon er komne tett opptil klubben sine ni fritidshytter på Føyno. Klubben får óg tre kroner rutemeteren for i alt 47.000 rutemeter skogmark avsett til veganlegget.Ole Gjermund Digernes får i tillegg til ulempeserstatningane oppgjer for 23.000 kvadratmeter avstått skogsmark og 12.500 kvadratmeter avstått dyrka mark og beite, i alt vel 330.000 kroner i ekspropriasjonserstatning.