Prisen, som er på 30.000 kroner, vart tildelt fordi nybygget er oppført under strenge miljøkrav både når det gjeld val av materialar og bruk av energi. Bygget er konstruert på ein slik måte at det gjev store innsparingar på energisida.

Valet av Terje Gilje vart gjort mot røystene til RV og SV. Dei to partia nektar ikkje for at nybygget i seg sjølv er miljøvenleg.

Men dei peikar på at bygget, med opptil eitt tusen arbeidsplassar, er plassert slik at det verkar til å auka trafikkproblema og skapar vanskar for kollektivtrafikken. Difor er Telenor sitt bygg dårleg miljøpolitikk, meiner RV og SV.

Men fleirtalet meinte noko anna. Den nyvalde leiaren i komité og miljø og samferdsle, Bente Bondhus, understreka ved utdelinga at Terje Gilje alt ved planlegginga av bygget hadde stått på for å oppfylla strenge miljøkrav.

— Eg vert nesten rørt til tårer, sa Terje Gilje i sitt takkesvar.

— Eg er svært kry for denne prisen, men han er samstundes ein heider til byggjenæringa. Vi må hugsa at bygg står for 40 prosent av energiforbruket, sa Terje Gilje. Han avslutta med å tilby fylkeskommunen Telenor si miljøhandbok gratis.

I alt var det føreslått 16 kandidatar til miljøprisen.

Terje Gilje, prosjektleiar for Telenorbygget ved Birkelandsskiftet, har fått Hordaland fylkeskommunes miljøpris for 2000. FOTO: HELGE SUNDE