OVE A. OLDERKJÆRove.olderkjaer@bt.noStord

Lite og usikkert trafikkgrunnlag, høg kostnad og store landskapsinngrep. Det er innvendingane mot prosjektet som Kurt Oddekalvs forbund legg til grunn. Forbundet ønskjer eit betre ferjetilbod i staden.

Halsnøysambandet er ein rundt fire km lang undersjøisk tunnel til 280 millionar kroner som skal gjera vel 2000 øybuarar landfaste. Samferdselsminister Terje Moe Gustavsen kjem på synfaring i området 19. mars.Halsnøyprosjektet er ikkje omtalt i Norsk transportplan 2002-2011. Men Kvinnherad kommune har sett av 30 millionar kroner til anlegget, og ordførar Aksel Kloster (Ap) ønskjer anleggsstart så raskt råd er.

I Norsk veg— og trafikkplan 1996-1997 blei det opna for ein mulig anleggsstart i planperioden 2002-2007. Prosjektet treng 100 millionar kroner i statleg tilskot.På Halsnøy er det utbreidd motstand mot Halsnøysambandet dersom planen blir følgt om å leggja ned Sunde ferjekai for å leia all ferjetrafikk mellom Kvinnherad og Stord over Ranavik og gjennom tettstadene på Halsnøy.

Samferdselsdepartementet har hatt kritiske merknader til den samfunnsøkonomiske nytten av sambandet, landbruksdirektøren i Hordaland har kritisert arealbruken.

"Som case er prosjektet interessant da et oppgradert fergetilbud fremstår som et bedre alternativ til bygging av fergeavløsningsprosjektet Halsnøysambandet", skriv Norges Miljøvernforbund i brevet til samferdselskomitien.