ARNE HOFSETH (Tekst og foto)Voss

Etter det Bergens Tidende får opplyst, hadde føraren problem med å få start på motoren. Freistnadane enda med brann i trekkvogna. Voss Brannvern vart varsla klokka 02.45, og kom tidsnok til å få sløkt elden før han nådde dei to 60-liters dieseltankane av plast bakerst på trekkvogna. Tilhengaren og dei andre bilane på parkeringsplassen var uskadde.

Beltevogna har overbygg i glasfiber. Ho vert nytta av britiske styrkar som for tida har vinterøving på Voss.

DRAMATIKK VED VANGSVATNET: Trekkvogna på ei militær britisk beltevogn tok fyr framfor Park Hotell Vossevangen i natt.