Historia om forskjellsbehandlinga av dei to fartssyndarane i Lærdalstunnelen stadfestar berre det som er påvist i både norsk og internasjonal forsking: nemleg at lova slett ikkje er lik for alle.

I denne konkrete saka er det politiet og ikkje domstolen som har gjort vurderinga, men mekanismane er akkurat dei same, meiner professor Kristian Andenæs.

— All rettsosiologisk forsking viser at rettsvesenet behandlar folk med høg status mildare enn folk frå lavare sosiale lag, seier Andenæs. - Sjølv om ein har rettspraksis å forholde seg til, er dommarar og politifolk berre menneske. Det er langt lettare å straffe hardt dei som er annleis og står fjernt frå oss, enn det er å dømme sine likemenn.

Andenes meiner at domstolane legg meir arbeid i å få fram dei formildande omstenda der det er høgstatuskriminelle som sit på tiltalebenken.

— Når skjønn skal utøvast, er det lett for ein dommar å finne formildande omstende og vekte desse ekstra tungt dersom han ønskjer det, seier professoren.

For knapt to veker sidan publserte også professor i psykologi, Per Schioldborg, ei studie rundt haldningar til brotsverk og straff.

Der svarte 500 studentar ved universitetet i Oslo på spørsmål om fem ulike brosverk. Oppsiktsvekkande nok meinte dei at straffa burde være langt lavare dersom gjerningsmannen var «kjekk» eller «pen». Ein innbrotstjuv kunne faktisk rekne med 24 prosent mindre straff dersom han var kjekk.