Dersom middelmåtigheitene føler sin eigen posisjon truga så er dei villige til å bruke alle midlar, for å hindre at dei blir erstatta av dyktigare personar. Dette gjer dei sjølv om deira eigen arbeidsplass hadde blitt tryggare ved at ein dyktigare medarbeidar hadde fått sleppe til. Slike menneske er det mange av både i privat og offentleg forvaltning, og som Eilertsen konstanterar er dei akkurat så intelligente at dei merkar når nokon er flinkare enn dei sjølve — og i staden for å sjå på medarbeidaren som ein positiv ressurs for bedrifta så ser dei på han/henne som ein trussel mot sin eigen posisjon.

Det er påfallande kor maktkåte slike middelmåtige menneske er. Mange er direktørar og mellomleiarar i privat og offentleg sektor og mange er politikarar. Vi får stadig stadfesta at bedriftsstyrer har gitt tillit og opprykk til personar som seier ja til å ta på seg oppgåver som dei ikkje på nokon måte har forutsetningar for. Dei middelmåtige har rett og slett ikkje evne til å vurdere sin eigen kapasitet og det same gjeld tydelegvis for ein del styrerepresentantar. Når det gjeld middelmåtige politikarar så blir dei synlege ved at dei prioriterer makt og taburett framfor sitt eige partiprogram.

Denne mennesketypen resulterer i eit kaldt og kynisk samfunn der ordet solidaritet er fjerna frå vokabularet. Det fører mellom anna til eit middelmåtig helsevesen, eit middelmåtig vegvedlikehald, ein middelmåtig og nedprioritert kollektivtrafikk, eit middelmåtig kommunalt vedlikehalds- og servicetilbod (søppelhandsaming, bibliotekteneste, skule osv.) og i tillegg aukar talet på fattige menneske.

Den amerikanske forfattaren og journalisten, 62 år gamle Barbara Ehrenreich, beskriv i boka, som på norsk heiter «Kjøpt og underbetalt» om (ikkje) å klare seg i Amerika, eit slikt middelmåtig samfunn. Ho seier mellom anna: «Systemet er like enkelt som det er genialt: Først sørger de fattige for at børsene stiger og overskuddet øker gjennom å ta underbetalte og usikre jobber. Og som om ikke dette er nok, rives trygdesystemet fra hverandre og sosiale ordninger bygges ned. Dermed sparer staten utgifter som kan finansiere nye skatteletter for de rikeste, - skatteletter som kommer på toppen av en allerede svært alvorlig skjevfordeling. Ting dere tar for gitt i Norge, som å få legehjelp eller hjelp til medisiner er utenfor rekkevidde for mange.»

I dei middelmåtiges verd gror ingenting så godt som smålegskap.

Av Henning Rutledal, Eivindvik