Gudrun Kløve Juuhl

Leiar i Norsk målungdom

Opplæringslova slår fast at lærebøker og andre læremiddel skal liggja føre både på bokmål og nynorsk i parallellutgåver.

Til no har det vore eit unntak frå dette kravet for administrativ programvare som vert brukt i skulen. Dette unntaket har vore grunngjeve med at det ikkje finst administrativ programvare på nynorsk.

Hausten 2003 kjem den mest brukte programpakka — Microsoft Office - på nynorsk. Då er det ingen grunn til å halda på unntaket i Opplæringslova lenger.

Difor spør Norsk Målungdom utdaningsministeren og utdaningskomiteen på Stortinget:

Kva tid vert unntaket frå parallellutgåvekravet for administrativ programvare i Opplæringslova oppheva?