TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no

Øyvind Listou i Skjolden var mellom dei som opplevde naturfenomenet.

— Eg trudde først det var eit fly som var i ferd med å styrte. Etter kvart forsto eg at det var ein meteor som hadde komme inn i atmosfæren, seier Listou til NRK Sogn og Fjordane.

Listou skildrar meteoren som avlang og lysande med ein hale av stikkflammar bak som det gnistra, spraka og loga av. Han kom køyrande i Mørkridsdalen då han såg meteoren, og fortel at han gav frå seg svært sterkt lys.

— Lyset var sterkare enn fullmånen, men vi såg ikkje meteoren meir enn 10-15 sekund før han forsvann over fjellet. Noko datt ned, men eg såg ikkje kvar det landa. Det regna gneistar over heile dalen, fortel Listou.

Meteoren vart observert fleire stader i fylket, mellom anna i Jølster.

Knut Jørgen Røed Ødegård, som er nestleiar i Norsk astronomisk selskap, seier Listou har fått oppleve det som er ein kvar astronom sin draum.

— Det er langt frå alle astronomar som har sett ein så kraftig meteor, og denne høyrest jo ut til å vere uvanleg stor. Denne kan faktisk ha vore så stor at noko av den har kome ned til bakken som ein meteoritt. Det skjer uhyre sjeldan.