Ein vassflekk på ein stor stein i Klagemuren har vekt store forventningar hos ortodokse jødar i Israel. Rabbinaren Shmuel Rabinovitch, sjef for alle rabbinarane ved Klagemuren i Jerusalem, forklarar at flekken vart oppdaga av folk som skulle be ved muren. Teorien er at vassflekken er eit teikn på at muren gret. Det signaliserer at Messias er i kjømda, seier Rabinovitch.

Jødane har venta lenge på sin Messias. Kristendommen, som har trykt Det nye testamentet til sitt bryst, har det lettare slik. Kristendommen forkynner at Messias kom til verda sånn om lag år null, i menneskesonens skapnad, og vandra på jorda i pluss/minus 30 år. Då fór Jesus Kristus opp til far sin i himmelen.

Kristne har det til felles med jødane at dei også ventar på Messias, men i kristendommen er det snakk om Jesu gjenkomst. Jødane har på si side aldri akseptert Jesus som Messias. Dei held seg i hovudsak til Toraen sin — dei fem mosebøkene - og andre jødiske skrifter, og ser med forventning og von fram til ein forløysar i messiansk skapnad. Ordet Messias kjem av det hebraiske mashiach som tyder den salva. I jødedommen blir Messias oftast brukt om kongen.

Ein ny David

Det var etter at Israels rike leid eit forsmedeleg nederlag og gjekk til grunne i år 587 før Kristus at Messias-tanken vart dyrka fram. Jødane trudde etter kvart fullt og fast at Gud ville senda dei ein ny David som skulle gjera ende på fienden og atterreisa det stolte Israels-riket.

Mot eit slikt bakteppe var det ikkje underleg at jødar flest - og med stor forakt - avviste Jesusbarnet. Han var, om aldri så tidstypisk, ikkje den Messias dei hadde venta på. Fødd i armod, av fattige foreldre, og utan makt og mannskap til å ta kampen opp mot romerske herskarar, vart Jesus aldri teken heilt alvorleg som den som skulle løfta arven etter kong David. Det var så mange som ville vera Messias i det første hundreåret etter Kristi fødsel. Jødedommen har stempla dei som falske alle i hop.

Den svenske jøden Göran Rosenberg siterer i boka si «Det tapte landet» ein tysk-jødisk teolog, Frantz Rosenzweig, som skildrar det jødiske Messias-dilemmaet slik:

«Alt blir snudd på hodet»

«Ventingen på Messias, som jødedommen lever gjennom og for, ville vært en meningsløs teologisk spissfindighet, en rent filosofisk «idé», ja, tomt babbel, om det ikke regelmissig dukket opp en «falsk Messias» som ga den både realitet og irrealitet, illusjon og desillusjon. Den falske Messias er like gammel som håpet om den ekte. Han er det uforandrede håpets foranderlige form. Han deler hver jødisk generasjon inn i dem hvis tro er sterk nok til å la seg gripe av en illusjon, og dem hvis håp er sterkt nok til ikke å la seg forvirre. De førstnevnte er de beste, de sistnevnte er de sterkeste. De førstnevnte er de blødende ofrene på alteret til folkets evighet, de sistnevnte er offeralterets forrettende prester. Og dette fortsetter helt til den dag da alt blir snudd på hodet, da troen hos de troende blir sannhet, og håpet hos de håpefulle blir løgn. Da - og ingen vet om dette «da» er nettopp i dag - kommer håpets oppgave til å være sluttført, og når den dagens morgen gryr, kommer alle de som fremdeles befinner seg blant dem som håper, og ikke blant dem som tror, til å risikere fornektelse. Det er denne faren som alltid hviler over de håpefulles tilsynelatende mindre farefylte liv.»

Som vi ser, trua er ikkje heilt uviktig i jødedommen heller.

«Forførere og bedragere»

Men det har altså ikkje mangla på falske Messiasar opp gjennom hundreåra. Den jødiske historikaren Flavius Josephus - som var samtidig med Jesus - skriv med det Rosenberg kallar eit «romersk perspektiv» på sakene: «Disse (falske messiasskikkelsene var) forførere og bedragere som under foregitt guddommelig iver etter omstyrtninger og opprør, bearbeidet folket og forledet det til svermerisk vanvidd, slik at de fulgte dem ut i ørkenen, for der å se tegn (på) at han ville befri dem.»

Flavius skriv også om ein Messias som vart ei endå verre plage for jødane, «den falske profeten fra Egypt». Med 3000 tilhengjarar drog han frå ørkenen og oppå Oljeberget, og tanken var å trengja inn i Jerusalem med vald og leggja under seg det romerske regimet og sjølv utnemna seg til folkets herskar. Det gjekk ikkje.

Så har vi galilearen Menachem, som lukkast i å innta ei festning i Jerusalem og utropa seg til konge, før han vart drepen av ein rival. Han vart etterfølgd av Bar Kochba, som drog i gang eit stort, men mislukka, opprør mot romarane og dermed utløyste den totale øydelegginga av det jødiske samfunnet i Palestina.

Mange drukna

Slik dukkar dei opp i den jødiske soga, ein etter ein. Ein Moses på Kreta lova i 470 å føra tilhengjarane sine turrskodde over havet til Det heilage landet. Det gjekk ikkje det heller, og det blir snakka om ein viss drukningsprosent. I 1280 drog Abraham Abulafia, ein karismatisk jødisk mystikar og sterkt påverka av messianske ideaer, frå Zaragoza i Spania til paven i Roma for å tala i jødedommens namn. Dessverre døyr paven før Abraham kjem fram, og Abraham blir fengsla.

Den siste vi kjenner som har gjort krav på Messias-tittelen er Menachem Mendel Schneerson, den sjuande Lubavitcher-rabbinaren, som døydde 12. juni 1994, 92 år gammal. Han hadde adresse Brooklyn, New York. Han stod då i brodden for ei rørsle på 200.000 tilhengjarar med 250 millionar dollar i årsomsetnad. Rørsla bygde på ei veksande tru på at det var Schneerson sjølv som var Messias. Tre tusen rabbinarar vart sende rundt i verda for å varsla jødane, og i USA, Frankrike, England, Australia og Israel rulla svære campingbussar - eller ombygde misjonssentralar - med devisen: «Messias er på veg.»

No har jødane fått eit nytt teikn på at han er på veg. Ein vassflekk på ti gonger førti centimeter på ein stein i Klagemuren.

VENTAR PÅ MESSIAS: Her ved Klagemuren i Jerusalem har dei oppdaga ein vassflekk som indikerer at Messias er på veg.