Difor vil eg under følgjande føresetnader gje herr stortingsrepresentant Sandberg frå Nord-Trøndelag mi fulle støtte, når det gjeld elektronisk merking av asylsøkjarar. Men under følgjande føresetnad: At slik merking vert gjort gjeldande ikkje berre for asylsøkjarar som har eller kan tenkjast å gjera noko gale. Men òg for alle andre borgarar av kongeriket Noreg som har eller kan tenkjast å gjera noko gale. Skattesnytarar, eigedoms— og børssvindlarar, valdsmenn og -kvinner, fyllekøyrarar på land, luft og sjø osb. Alle dei som har, eller kan tenkjast vilje setja seg ut over eit av dei ti bodorda, med forklåring. Dernest vil eg støtte dette framlegget fordi eg ser at det kan ha stor verknad når det gjeld å motverke ei stendig stigande arbeidsløyse. Trass ein avansert datateknologi vil det krevja mykje folk å overvaka oss alle til eit sams beste. Om ein får merka alle individ som det på nokon måte kan reisast tvil om, vil det krevja langt over dei 100.000 som til no er arbeidslause. Her er eit stort utviklingspotensial. Dette kan verta større en helsevesen og politi til saman. Vanske med å få folk til denne overvakinga kan eg ikkje tru at det vert, til det finst det for mykje forvitne folk.

Om ein også tek og privatiserer den elektroniske overvakinga og kuttar den opp i mange selskap, etter same modell som til dømes Telenor kan ein sikkert også auke forvirringa monaleg, og ei auka forvirring vil føre til lengre sakshandsaming og auka sysselsetjing.

Men det er òg klart at dette ikkje kan gå heilt på sjølvstyr. Staten lyt nok oppretta eit eige direktorat for overvaking av denne elektroniske merkinga og overvakinga. Dette vil også auke sysselsetjinga og BNP. Dette att kan kome distrikta til gode. Eit slikt direktorat kan til dømes liggja i Årdal eller Høyanger. Det skulle ikkje vere noko i vegen for det all den tid Statens Lotteritilsyn ligg i Førde. Ei slik overvaking kan også koma det truga kartkontoret i Leikanger til gode. Dei har sikkert relevant kompetanse, all den tid det trengst ein omfattande kartkunnskap for å halde greie på kvar vi er til dei ymse tider. Ja, ein skal heller ikkje sjå heilt bort frå at også kyrkja kunne få ein eigen overvakingsseksjon som dekkjer deira særinteresser. Når det gjeld personvernet, det som Georg Apenes har så mykje sut for, så er det ein pris vi må betale for å vere trygge. Trygge, trygge for alt vondt. Eg vil tru at er vi først merka elektronisk så kan ein med nokre små modifikasjonar av utstyret få til ei helseovervaking, slik at helsevesenet heile tida kan halde auge med oss. Ei konstant overvaking av blodsukker, kolesterol, hjarterytme, promille og kva vi no måtte ønskje oss. Då ville vi vere enno tryggare. Dette kan ein så kopla i hop med eit sentralt DNA-register. Eit neste steg på vegen ville vere at kvar gong vi fekk lyst på noko farleg eller forbode, fekk eit elektrisk sjokk, frå 240 W og oppover, alt etter kva vi hadde tenkt å gje oss ut på. Då ville vi vore heilt trygge. Det er heilt urimeleg om eit slikt gode berre skulle vere eit privilegium for tvilsame asylsøkjarar. Ein slik fordel til einast innvandrarar ville vekkje ein rettkomen harme hjå folk flest og konsekvensen ville verte auka rasisme og fordommar. Kravet er like vilkår for alle, elektronisk merking og overvaking av alle.

Ingen er så trygg for fare som ein elektronisk merka skare.

Fridtjov Urdal