Av Inge Børslien,

leiar, Folkeaksjonen Jondalstunnel NO

Miljøvernforbundet skuldar vegstyresmaktene her vest for å gjere det dei kan på lovleg og ulovleg måte for å hindre at Jondalstunnelen vert bygd. Folkeaksjonen Jondalstunnel NO og andre har etterspurd svar frå Statens vegvesen, men frå Fyllingsdalen og Leikanger har det vore taust. Kva skal folk i Hardanger tru?

I førre veka kom ei gladmelding frå Oslo. Utsendingar frå kommunane i Hardanger og Hardangervegen AS har møtt leiinga i Frp. Carl I. Hagen og partiet hans er positive til prosjektet, og er opne for å vere med på å gje den naudsynte løyvinga til Jondalstunnelen frå staten i rett tid. Om dei bestemmer seg for dette, er det fleirtal i Stortinget for at Jondalstunnelen vert bygd no, og ikkje berre får fagre ord frå hovudstaden. I så fall kan vi regne med at partia SV, Ap, Frp og Sp vil vere med på å løyve pengar til Jondalstunnelen i statsbudsjettet for 2005. Truleg må vi takke stortingsrepresentant Arne Sortevik for at Frp no er så positive til Jondalstunnelen som fylkesvegprosjekt. Frp har nøkkelen til at prosjektet får den naudsynte statlege løyvinga, og kan realiserast som planlagt. Slik er finansieringa av Jondalstunnelen nær sikra. Alle i spleiselaget (kommunane, Hordaland fylke, staten og dei reisande) vil spytta i.

Folkeaksjonen, og dei andre i referansegruppa for konsekvensutgreiinga, møtte Statens vegvesen i Bergen 22. oktober. Regionvegsjef Torpp si høgre hand i høve Jondalstunnelen, Roald Sletten, heldt korta tett til brystet. Statens vegvesen vil leggje fram konsekvensutgreiinga om Jondalstunnelen og Hardangerbrua samstundes om få veker. Vi fekk likevel vite at vegstellet sin eigen analyse av trafikktala stadfester det vi heile tida har visst. Trafikken frå Haukeli og Odda mot Bergen vil ikkje nytte ei eventuell Hardangerbru, anten Jondalstunnelen vert bygd eller ikkje. Jondalstunnelen vil på den andre sida nærast doble trafikken i Folgefonntunnelen. Vi fekk òg vite at det er mogeleg å realisere prosjektet i byggjetrinn, og aller mest gledeleg, bygdene i Nordrepollen og på Torsnes kan skånast for øydeleggjande inngrep utan at dette set Jondalstunnelen i fare grunna kostnader.

No er det i røynda berre Statens vegvesen som kan stogge at fylkesveg 107 — Jondalstunnelen, vert opna i dette tiåret. Måten dei kan gjere dette, er å gje prosjektet ein pris som sprengjer finansieringsplanen monaleg. Statens vegvesen ønskjer å halde utgreiinga for seg sjølv i enno tre veker. Det er fleire enn folket i Hardanger som ventar i spenning. Samferdselskomiteen i Stortinget skal gjere ferdig innstillinga si til statsbudsjettet innan 1. desember. Dei har spurd samferdselsministeren spesielt om Jondalstunnelen. Ho har svara, men fakta i sjølve utgreiinga må dei klare seg utan.

Vi vil så gjerne tru at vegstyresmaktene no gjer det dei kan for at Jondalstunnelen skal bli bygd snarast råd. Mykje kan tyde på at dette er tilfelle. Men dei har òg makta til å stogge prosjektet i mange år. Diverre er det også teikn som kan tolkast slik. Mellom anna kan vi spørje kvifor det er så viktig å halde nøkkeltala i konsekvensutgreiinga, som dei openbert no kjenner, hemmelege?

Vi i folkeaksjonen, og alle dei andre som kjempar for Jondalstunnelen både her vest og i Oslo vonar det beste. Vi er òg budde på det verste.