Av Lars-Henrik Michelsen, Nestleiar Hordaland Unge Venstre

Misforstå meg rett; eg er sjølvsagt ikkje nøgd med alt samarbeidsregjeringa gjer. Sjølvsagt ville ei rein Venstre-regjering gjort ein god del ting annleis enn det som vert resultatet av eit tverrpolitisk samarbeid. Men å påstå at regjeringa ikkje er oppteken av dei viktigaste utfordringane vi står overfor er reint vissvass.

Like eins med påstanden om at regjeringa sin politikk aukar skilnadene og lagar eit kaldare, meir egoistisk samfunn. Eg skal her gje nokre få døme: Venstre, KrF og Høgre har auka bistandsbudsjettet med 856 millionar kroner (6 prosent) sidan 2002. I dag utgjer bistandsposten 0,93 prosent av BNI. Innan den inneverande stortingsperioden er over skal bistandsposten aukast til 1 prosent av BNI.

Frå 1. juli i år har ein innført toll— og kvotefri marknadstilgang til Noreg for alle produkt frå dei minst utvikla landa (MUL).

Samarbeidsregjeringa har lagt fram ein tiltaksplan mot fattigdom med auka løyving på 335 millionar kroner.

Dei same partia vil innføre eit eige frådrag for gåver til frivillige organisasjonar for opp til 6000 kroner. Dette vil sikre organisasjonane større inntekter, samt at ein oppmodar folk til å gje meir.

Sjølv om dette er god politikk for ein Venstre-veljar, så skal ikkje eg seie at Sosialistisk Venstreparti står for ein usosial politikk berre fordi dei er usamd med regjeringa. Det er i grunnen nok å berre stadfeste at Dag Westhrin meiner at vårens viktigaste stortingsvedtak var barnehageforliket mellom SV og dei andre opposisjonspartia. Eit forlik som syt for at m.a. Kristin Halvorsen sparar tusenvis av kroner kvart år. Ut frå dette synet er det i grunnen berre bra at vi er usamd, Westhrin og eg.