Ein nytilsett og nyutdanna rådmann i ein Ryfylke-kommune fekk besøk av ein studiekamerat. Vel inne på rådmannskontoret lurte gjesten på korleis det gjekk i den nye jobben. Rådmannen drog på det, før han litt nølande opna eine skuffa i skrivebordet. «Se her», sa han og viste til ein fyldig papirbunke, «her ligger det fullt av saker som skulle vært fremmet i formannskapet. Men jeg stoler ikke på dei.»

Nei, det gjer ikkje stortingspolitikarane våre heller. Det mest eklatante dømet på krisa i det norske styringsverket har vi sett dei siste to åra. Stortingsvalet 2001 handla i hovudsak om skule, og han skulle så vidt eg hugsar bli betre. Det sa i alle fall Høgre, og etterpå kom Høgre til makta og høgredama Kristin Clemet flytta inn i Undervisningsdepartementet. Så langt, så bra.

Problemet er at tida etterpå er blitt ein samanhengande klagesong over eit skuleverk som har måtta tola nedskjeringar i dei relativt store formata. Høgre har ei forunderleg tru på at dei skal forbetra innhaldet i skulen utan at det skal kosta pengar. Det er det ingen andre som trur på.

Ustoppeleg storting

Grunnskulen er ei kommunal oppgåve. Det er kommunestyra som rundt om bestemmer kor mykje pengar som skal brukast på nye skulebygg og på drift. Eg ser då bort frå ein del gunstige låneordningar til opprusting av gamle skulehus. For enno har ikkje styringskåte stortingspolitikarar gjort vedtak om øyremerkte pengar til drift av skulen. Dermed er det den generelle kommuneøkonomien som blir avgjerande for om skulen blir tilført ekstra ressursar eller blir strupt.

Kommuneøkonomien kan det seiast mykje om, men norske ordførarar er nokså samstemde om at dei har for lite pengar. Eg trur dei har rett, for Stortinget er nærast ustoppeleg til å setja kommunane i arbeid med nye oppgåver til folkets beste. Det er berre reint unntaksvis at det følgjer tilstrekkeleg kroner med stortingsvedtaka.

Så kva var Høgres lovnader om betre skule verd? Dei fleste kommunepolitikarar vil seia lite og ingenting. Det må fortona seg nokså nedslåande for alle dei som gav si stemme til Høgre fordi dei trudde det skulle gje romslegare skulebudsjett rundt i Kommune-Noreg.

Hagens kommune

Dei fleste politiske parti snakkar varmt om det kommunale sjølvstyret når det trengst. Det gjer ikkje Carl I. Hagen. Hans visjon er at Stortinget gjer vedtak som gir folk rett til den eine tenesta og den andre tenesta. Rett til barnehageplass og rett til sjukeheimsplass — og rett til behandling på sjukehus. Med denne retten i handa skal du som ein annan kunde møta opp på det kommunale kontoret, og så skal ting ordna seg. Kunden har alltid rett. Det som blir att av kommunale saker kan kommunestyra ordna på eitt møte om våren og eitt om hausten. Ei slik desavuering av det kommunale forvaltningsnivået er naturlegvis i strid med 1837 og norsk tradisjon og den store tanken om eit desentralisert styresett. Men Hagen er no ærleg og seier kva han meiner. Det skal han ha.

Litt verre er det med dei andre som ikkje forvel er ferdig med 17. maitalen om det kommunale sjølvstyret før dei dreg til Stortinget og gjer eit nytt vedtak om øyremerkte pengar til Kommune-Noreg. Eit vedtak som bind kommunepolitikarane på hender og føter. Det omstridde barnehageforliket er eit slikt vedtak, der Stortinget - i den gode saks teneste - overprøver det lokale sjølvstyret. Kommunar som ønskjer å prioritera annleis, og vil setja eldreomsorg framfor billege barnehagar, skal tvingast til å undarordna seg Stortingets vilje.

Avgrunnen tydeleg

Slik er det på ei rekkje område. Kommunepolitikarane protesterer - rituelt og litt resignert. Dei veit at viljen til å avskaffa dei til dels forhata øyremerkte midlane er - forsiktig sagt - svært varierande.

Dersom Høgre i 2001 hadde lova betre og billege barnehagar til alle, så kunne dei med ein viss rett slått seg for brystet i dag og sagt at no er det like om hjørna. Men dei satsa på skulen, og der er det ikkje blitt eit breitt forlik som sender fleire øyremerkte skulekroner til kommunane. Tvert om har Høgre - i tråd med sine gnitnaste tradisjonar - vore svært påhaldne med fleire pengar til kommunesektoren. Desto meir påfallande og tydeleg er avgrunnen blitt - avgrunnen mellom undervisningsminister Kristin Clemets lovnader om betre skule og kommunalminister Erna Solbergs spartanske pengebruk. Lokale skulepolitikarar som trudde på Høgre sit att med skjegget i postkassen.

Ansvarsfordelinga mellom sentralt og kommunalt nivå er utydeleg og tilfeldig. Det er til stor skade for det norske demokratiet, for folk får ikkje heilt tak i om det til dømes er gagn i å røysta Venstre lokalt dersom dei ønskjer betre kollektivtrafikk. For rammene for kollektivsatsinga blir avgjort sentralt, og der er det kanskje Høgre som legg føringane?

Overordna nasjonale standardar er i visse saker nødvendige, så som i skuleverket. Men i ei tid der oppslutninga om lokalvala er dramatisk for nedgåande, burde Stortinget manna seg opp og overlata styringa av norske kommunar til dei lokalt folkevalde. I motsett fall er det snart ingen som gidd å møta fram til kommune- og fylkestingsvala.

JERN-ERNA SEIER NEI. Dei fine høgreorda om betre skule er lite verd når kommunalminister Erna Solberg struper kommuneøkonomien. <p/> ARKIVFOTO: SCANPIX