Der fortalde han um «ein av dei glupe gutane i Fjell kommunestyre» som gjer framlegg um å løyva pengar til nye klassor for Danielsen skole. For då vil trongen til ei turvande modernisering og vøling av Fjell ungdomsskule langt på veg falla burt.

Klårare let det seg ikkje gjera å skildra kva som no held på og hender i friskuleproblematikken. Det er ei klår uppfylgjing av det som Hordaland fylkesting gjorde med ei røyst i yvervekt då Danielsen skole vart favorisert, på kostnad av fylket sine eigne skular.

Mange hev nok i klårt minne ein Holmgang i NRK no fyre påske der glupe politikarar heldt uppgjerd med statsråd Trond Giske um Oasen-skulen i Sogndalen, ein skule som heradsstyret i Sogndalen hev bede um å sleppa.

Frå det ordskiftet skal eg ikkje nemna anna enn den sterke understrikingi som Høgres Inge Lønning kom med um foreldreretten. Foreldri må ha retten til å velja skule, sa han. På spurnad um han vilde ha sendt sine eigne born til Oasen-skulen svara Lønning eit avgjort nei. Men alle foreldre må ha rett til å velja. For det er demokrati.

Eg sakna i dette høgmælte ordskiftet ein umtanke for elevane. Dei vart ikkje nemnde. Berre foreldri.

No tek Olav Kobbeltveit eit døme på korleis det kan gå elevane dersom me ikkje tek diskusjonen um dei fyrr det er for seint. Han viser til at elevane kan verta sparde for kunnskap um darwinisme. I staden kan dei få læra at Gud skapte verdi på seks dagar, og kvilde på den sjuande. Er elevane tente med ein sovoren skule?

LUDV. JERDAL