Dette er òg målet til tilsette i Vegvesenet og dette har leiinga saman med organisasjonane arbeidd aktivt med for å få til. Men om dette framleis er målet for samferdselsministeren og hennar byråkratar i Samferdseldep., ja, det kan ein sanneleg byrja å lure på!

Det me har sett frå den kanten etter at den nye regjeringa overtok roret, vil eg påstå går i ei heilt annan retning. Det byrja med vedtak om å skilja ut Produksjonavdelingen og gjera denne om til eit A/S, samt full konkurranseutsetjing innan vegsektoren. Ein snakka så fint om at det skulle føra til mindre administrasjon og fleire ut på vegen. Sanninga er at ved dette vedtaket om full konkurranseutsetjing, fører ein endå fleire over på administrasjonssida, for å ivareta ta arbeid med anbudsgrunnlag og oppfølging av kontraktørar.

Dette fører til ein kostnadsauke på fleire titalls millionar, som altså kjem seg av å flytte fleire over på forvaltningssida.

Så fekk me dette med plassering av regionkontor. Her hadde Vegdirektøren eit forslag som var utarbeidd på fagleg grunnlag i samhøve med føringane for å skapa eit meir effektivt vegvesen, samt at dette forslaget var drøfta med organisasjonane, og utan tvil det som kunne gje den beste gevinsten for å effektivisere forvaltningssida.

Men her er det då Samferdseldep. med statsråden i spissen gjer det ufattelege vedtaket om å leggja dette til Leikanger for Vestregionen. Og då må ein ha lov å stilla spørsmål om kva fagleg og kostnadseffektivt grunnlag dette er gjort på. Den store taparen i dette her vert vestlandsregionen totalt sett. Her hadde Vestlandet ein sjanse til å få ein effektiv og slagkraftig vegetat, som kunne stilla sterkt opp mot dei sentrale styresmakter og verkeleg fronta Vestlandet, men den gongen blei resultatet eit heilt anna. Dette viser at statsråden igjen lyttar meir på dei som driv lobbyverksemd her enn dei faglege råd og innspel ho får.

Det vert nemnd distriktspolitikk som eit av hovudargumenta, og det er positivt at regjeringa byrjar ta omsyn til det, men frå Vegvesenets si side er det nettopp gjennom å oppretta distriktsvegkontor ein når ut til folket ute, og slik som desse er foreslått så ligg det til rette for å ivareta distriktshensyn.

Nei, er dette eit ledd i å effektivisere offentleg sektor, så er slike vedtak i alle fall ikkje med på å auka motivasjonen hos dei ansatte for å driva effektivisering. Men det er vel slik det går når særinteresser og lobbyverksemd får fullt gjennomslag.

Per Arne Berge