Ja, det er tull at Arbeiderpartiet foreslår å auke skatten for næringslivet. I ei tid der næringslivet slit med dårleg lønsemd og arbeidsløysa aukar. Har Arbeiderpartiet valt å skjerme næringslivet for skatte— og avgiftsauke.

Det er også tull at vi vil auke skatten til vanlege arbeidsfolk. Vårt forslag gjer rett nok mindre skattelette enn budsjettforslaget frå regjeringa, men vi prioriterer arbeid for alle og meir velferd. Vi gjer meir for å sikre arbeidsplassane og industrien, og vi gjer meir for å trygge grunnleggjande velferdsgodar som et godt helsestell, god eldreomsorg og gode skular i kommunane.

Eg vil på det sterkaste avvise at Arbeiderpartiet sitt budsjettopplegg ville ha fått alvorlege konsekvensar for det norske samfunn, slik Hansen påstår. Tvert om, det ville ha ført til meir velferd, meir til kommunane, betre skular og tryggare arbeidsplassar.

RANVEIG FRØILAND STORTINGSREPRESENTANT