På torsdag skal HSD Buss, HSD Sjø, Askøy kommune og Bergen kommune drøfta løysingar for å sikra snøggbåttilbodet. Vestrheim vil ikkje overfor Kystradioen konkretisera kva han meiner med å sjå buss og båt i samanheng. Administrerande direktør i HSD Buss Bjørn Ove Børnes seier til Kystradioen at han er viljug til å styra busstrafikk til Kleppestø for å få passasjerane med båt til Bergen om det kjem politisk pålegg om det.

Føresetnaden er at inntektstap på bussrutene blir kompensert. Han minner likevel om at passasjerane ikkje ønskjer ein slik reisemåte.

(KYSTRADIOEN)