TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Berre to dagar etter at ein defekt ferjelem sette største ferjesam-bandet i Sogn og Fjordane, Mannheller — Fodnes, ut av spel i tre veker, har Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane fått nye van-skar på eit av hovudsambanda.

Mislukka forsøk I dag er det sambandet på Europaveg 39 over Nordfjorden som er ute av drift. Ferja «Sel-je» har fått tekniske vanskar, og heile dagen kan gå før skaden er reparert. Til det skjer, er det omkøyring via riksveg 60 over Utvikfjellet.

Fylkesbaatane gjorde i dag tidleg eit mislukka forsøk på å setje inn ein liten passasjerbåt mellom Anda og Lote. På grunn av høge bølgjer makta ikkje bå-ten å leggje til kai.