No vil Vestlandsrådet skaffa seg oversikt over kor mykje dei køyrande må bidra med i tillegg til statlege midlar.

Men aktuelle anlegg som er planlagt, eller under planlegging, summerer seg til minst 8 milliardar kroner.

Det ferdige oversynet skal presenterast for Stortinget, vedlagt eit krav om minst 1,2 milliardar kroner til anlegg frå 2006 til 2009.

Slik forslaget til Nasjonal Transportplan 2006-2015 ligg føre, betyr det nærast ei nullstilling av satsinga på E 39 Kyststamvegen, står det i ei fråsegn frå Vestlandsrådet frå tidlegare i haust.

Dette vil Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal gjera noko med. Og då treng dei greie tal på bordet.

Fem store anlegg

Pr. dags dato er det fem kjempeanlegg på Kyststamvegen, E 39, som ventar på endeleg plassering i Nasjonal Transportplan og pengar frå Stortinget. Desse må nokså sikkert delfinansierast med bompengar.

  • Kvivsvegen mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Pris: 700 millionar kroner.
  • Nyborgtunnelen i Åsane. Pris: ca. 1 milliard.
  • Rådal-Svegatjørn, mellom Bergen og Os. Pris: 1,3 milliardar.
  • Bru over Langenuen mellom Stord og Tysnes. Pris: 2 milliardar.
  • Rogfast, tunnel under Boknafjorden. Pris 2,5 milliardar kroner.

Oversyn til våren

På møtet i Florø i går vedtok Vestlandsrådet at det må greiast ut ein samla finansieringspakke for Kyststamvegen.

— Innan våren vil vi ha ferdig eit oversyn over aktuelle anlegg, og kvar det kan koma på tale å krevja bompengar. Vi vil og ha oversyn over kor mykje bompengar vi kan rekna med å få inn, seier Thorbjørn Aarethun i samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune til Bergens Tidende.

Når dette oversynet er klart, vil ein og vita nokolunde kva som bør krevjast av midlar frå Stortinget til fullføring av finansieringa. Dette samla oversynet skal Vestlandsrådet så spela inn til Stortinget, som skal gjera endeleg vedtak om Nasjonal Transportplan og prioritering av tiltak fram mot sommaren 2004.

Strid om bompengeselskap

Så langt så godt. Eit samla Vestlandsråd på 20 frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal gjekk inn for dette.

Men idyllen sprakk då dei kom til punktet om eit regionalt bompengeselskap for Kyststamvegen gjennom dei fire fylka.

— Eit regionalt bompengeselskap vil vera ei motvekt mot forslaget frå vegdirektøren om eit statleg bompengeselskap med statleg styring, sa tidlegare fylkesordførar Gisle Handeland.

— Eit regionalt bompengeselskap vil tvert om vera å gå inn på premissane til vegdirektøren, sa Odd Arild Kvaløy, Sp i Rogaland. Kvaløy var redd for at eit slikt selskap ville fjerna bompengeinnkrevinga frå den lokale tilknytinga slike prosjekt skal ha.

Eit fleirtal på 13 vedtok likevel at eit regionalt bompengeselskap skal utgreiast. Om det deretter faktisk vert noko av, står att å sjå.