Til no har dette vore grunnar meir enn gode nok til å verdsetja vinteren slik vi kjenner han i Noreg.

Det finst ein til, og nett heimkomen frå mi aller første selskapsreise til Gran Canaria, begrip eg betre enn nokon gong meininga med korte, kalde dagar.

Gud gav oss vinteren for at vi skulle få ein pause frå dei digre damene som skamlaust vraltar rundt og viser fram flesket sitt.

Eg la ikkje merke til det på Flesland. Høyrde berre kapteinen melda før avgang at vi (les: flygemaskina og vi inni) var tunge og ville ha bruk for mykje rullebane. Kvinnfolka var på det tidspunktet framleis godt pakka i kåper og parkasar og fargerike allversjakkar, og ingen kunne utan vidare sjå at vi hadde vår del med om bord av Noregs rundt 400.000 overvektige. Berre små, bleike andlet stakk fram, og det er slett ikkje alltid at fjesa avslører kor sørgjeleg det står til under snippen og innanfor goretex´en.

Dei hadde ikkje vore lenge under sola før plagga forsvann. Genserar og bluser, langbukser og strømpebukser, brysthaldarar og korsett. Ut frå solbada leilegheiter og hotellrom kom fleskeberga vaggande, eine før og hi etter, plattfot av overvekt, sveitte av konsentrasjon, og eg lurte ein augneblink på kva slag konkurranse det var eg skulle vera tilskodar til.

For slik såg det ut. At dei konkurrerte om kven som kunne visa fram den mest uformelege kroppen.

Dei fleste av dei hadde mannfolk med, sjølvsagt, og eg tenkte med meg sjølv at var det kjærleiksferie dei hadde teke ut på, kunne stakkarane bli leitande lenge etter den skrukken som førte til eit av kroppens holrom. På den andre sida er eg slett ikkje viss på om dei ville ha merka skilnad.

Forresten var dei ikkje nett sylfider, alle mannfolka heller, og eg hadde mykje moro bak mørke brilleglas i solsenga, med å prøva å forestilla meg korleis dei reint praktisk hadde ordna seg her i livet for å kunna ha seksuell omgang med kvarandre.

Det heiter i ein song at du skal vera glad i den nasen du har, og bodskapen er djupast sett at du skal vera tilfreds med det du har og slik du er skapt.

Eg veit no ikkje eg. La meg for ordens skuld ta atterhald om at det nok finst kvinnfolk som av medisinske grunnar har kroppar som det ikkje er så mykje å gjera noko med. Så finst det nokon som synest det er greitt å vera feit, og gjev det var slik at det fanst ei unnskulding for kvar og ei.

Men herregud, ikkje prøv å fortelja at alle fleskeberga som traspar spanske solstolar nett på denne tida, har gyldig grunn til å sjå ut slik som dei gjer.

Og må dei på død og liv krevja sin rett til å kle seg nett slik som dei av medsystrene som svinsar over parketten i Paris og Milano? Eg meiner, når du likevel ikkje kan seia sikkert om det er ein valk eller eit puppepar som bular der øvst på magen, då kan det vel vera like greitt å markera kva som er kva med ein bikinioverdel. Eller?

Eg har smuglest i dameblad og forstått at det skjer litt med kvinnekroppen rundt og etter overgangsalderen. Når østrogenet ikkje lenger fløymer vårfriskt og held greiene på plass der det var tenkt å skulla vera. Det tek til å hengja litt her og bula litt der, og så duvar det litt andre plassar enn det skulle. Ofte meir óg enn kva som let seg stogga av kur og trening og yoga og gulrøter og slikt, og eg skal vedgå at eg uroar meg ikkje berre på vegner av kvinnene.

For er det dette vi har i utsikt, vi som måtte sjå heldigare grisar stikka av med Mona Grudt og Anette Stai og Ragnhild Sælthun Fjørtoft? Er det dette vi skal måtta ta til takke med og freista å finna det vakre i herifrå og inn i æva?

Fri og bevare oss, og det gjer ingenting om våren blir kald.

<b>MISLIKER FEDME:</b> BT-journalist Knut Langeland