Eg vil med dette be om orsaking overfor dei som har kjent seg såra av innhaldet i artikkelen. Eg har forstått på somme av reaksjonane at mange har tolka ytringane som eit sjofelt åtak på overvektige.

Frå mi side var det aldri meint som det. Eg prøvde meg på ei humoristisk tilnærming til det som er eit aukande problem i mange vestlege land, nemleg overvekt.

Eg ser i ettertid at forsøket på å vera morosam ikkje var særskilt vellukka og seier meg lei for at eg med det kom til å såra ei heil gruppe menneske.

KNUT LANGELAND

<b>BER OM ORSAKING:</b> BT-journalist Knut Langeland