Politiet skal ta seg av alt frå dei trivielle kvardagsproblema, servicefunksjonar, alvorleg kriminalitet og vera ein vakt— og beradskapsetat som tek seg av naudsituasjonar. Politiet sin kvardag og jobb har enormt mediefokus, på godt og vondt.

Når det skjer tragediar, har ein alltid behov for å finna syndebukkar.

Ofte leitar ein etter systemfeil, rutinesvikt. ressursmangel m.m. Når ein leitar etter syndebukkar i politiet går ein nesten utan unntak på det «lågaste nivået», til den operative tenestemannen som har den vanskelegaste jobben av alle.

Er det ei bilforfølging som endar tragisk, politiet må bruka skytevåpen, politiet kjem seint til ei ulukke eller det er ei bar-nefordelingssak der politiet må bruka makt - så er det den enkelte tenestemann som kjem i fokus, ikkje den som gir ordre, dei som har laga regelverket, har ansvaret for opplæring eller ansvaret for ressurssituasjonen.

Den siste alvorlege uthenginga av enkelte tenestemenn såg me i den såkalla Sauda-saka. Media er raske med å slå fast at det var ei tydeleg akutt naudmelding som tenestemannen ikkje hadde reagert riktig på.

Ingen forsøker å finna ut kva realiteten er for dei som jobbar på operasjonssentralen, når ein får inn 17.000 meldingar på 1 år, av dei er 200 reelle naudmeldingar.

I Oslo kan det vera opp til 2400 meldingar til operasjonssentralen på eit døger, av dei opp mot 700 såkalla 112-meldingar.

Kva innhald har desse meldingane?

Var det tydeleg naudmelding den som kom inn til operasjonssentralen i «Sauda-saka»? Nei meiner SEFO. Kanskje media kunne venta med å konkludera med at dette var «tenesteforsømmelse» til SEFO hadde granska saka.

Når ikkje den delen vert god nok mediesak, forsøker ein å gje inntrykk av at politiet i Haugesund har «triksa med lydopptaket» slik at den omtala meldinga vart sletta.

Media veit (eller burde ha sjekka) at det ikkje går an å fysisk sletta opptak som er registrert på 112.

Mistanken vert spreidd på feil grunnlag, enkeltpersonar vert hengt ut heilt urettmessig.

Politi- og lensmannsetaten har utruleg mange flotte tilsette som legg heile sjela si i å gjera ein god jobb, under ekstremt vanskelege tilhøve (vanskeleg kriminalitet, mykje truslar og vald mot eigen person, elendig bemanning og ressurssituasjon) - mange er framleis stolte av den jobben dei har valt.

Vert eitrande forbanna på vegner av mine medlemmer som ofte urettmessig vert hengt ut som «halvkriminelle» unnasluntrarar i media på totalt sviktande grunnlag.

Sjølvsagt gjer politiet feilvurderingar, for dårleg jobb og feilprioriteringar, ja ein har til og med personar som gjer ting som ikkje kvalifiserer dei til å vera i etaten. Difor har også Politiets Fellesforbund gått inn for å bygga opp eit betre system enn dagens SEFO for å granska politiet.

Me vil ha eit system med 3 nivå:

  • Klagebehandling som eit leiaransvar (ta seg av ordinære klager mot politiet, når det ikkje er mistanke om kriminelle handlingar)
  • Eit nytt sentralt SEFO heilt uavhengig av resten av politisystemet (som etterforskar alle saker der det er mistanke om kriminelle handlingar frå etaten si side)
  • Polititilsyn - eit overordna organ som står over Politidirektoratet og heile etaten, har ansvaret for å kontrollera etaten sin drift, kvalitetssikring, systemfeil m.m.

Eit demokratisk samfunn er heilt avhengig av å ha eit politi som har tillit i samfunnet, i dag har me det i Norge - men det må me også sørga for at me har i framtida. Pressa må ta sin del av ansvaret, politiet sjølv må ta sin del og ikkje minst politikarane må ta ansvar for regelverk og res-sursar som set politiet i stand til å gjera ein jobb som publikum er nøgd med.