Først var det Otto Jespersen med sin særeigne form for humor som fekk oss til å hoppe i stolane, nokon i skrekk over manglande respekt for norske samfunnsautoritetar, andre av glede over ein ny brodd i norsk humor. Veka etter var det mediemeinare både her og der som stakk av med førstesidene med sine krasse utfall mot eit anna norsk tv-namn, nemleg laurdagshøvdingen hos rikskanalen, Tore frå Trøndelag.

Denne siste veka tenkte eg med meg sjølv: kva tv-program får gjennomgå denne veka? Kven av Tostrupkjellerens klientell er det denne veka som må forsvara seg på Tabloid og som skal ta opp spaltemeter i avisene som elles kunne ha vore nytta til dekning av til dømes ein av dei største svoltkatastrofane i manns minne sør i Afrika, eller svolten som breier rundt seg i ei av verdas raskast synkande skuter, Argentina. For ikkje å snakke om ein norsk debatt om tryggleik i norske farvatn etter ulukka utanfor spanskekysten.

Det gjekk både ein, to og tre dagar før det smalt. Onsdag kveld hadde allereie ein merksemdsjuk Gerhard Helskog lekt ut med nyhenda (som i røynda viste seg å ikkje vere nyhende i det heile tatt) om det kunne reisast spørsmålsteikn ved uskuld i den norske idrettsleiren under Lillehammer-OL. Resten er historie. Og det kan jammen meg sjå ut som om Helskog vert historie med.

Når me no går inn i ei ny veke, er det med spenning eg ventar på den neste skandalen. Kven er det denne gongen som skal i elden? For det kan virke som om det viktigaste for oss her i vårt rike land i nord har vorte å diskutera programleiarar på tv. Eg trur det kan interessere folket å høyre litt om andre ting også.

LARS KVAMME, BERGEN