OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

— Eg reagerte ikkje spesielt på at det var «Draupner» som skulle gå då eg kom på kaien i Bergen. Flott båt å reisa med, sa Jon Christian Rusten frå Kvinnherad etter å ha stige på land på Leirvik, Stord.

-Tenkjer ikkje på det Han får støtte av sambuar Kristine Mikkelsen.

— Eg vegra meg den første tida etter ulukka for å reisa med snøggbåt, spesielt over lange strekningar med ungen. Men no tenkjer eg ikkje så mykje på det, seier Kristine Mikkelsen med dottera Ingvild Rusten (17 må-nader) på armen.

«Draupner» gjekk i sørgåande rute frå Bergen klokka 12 onsdag, og returnerte frå Stavanger klokka 16.30. Det var langt frå fullt i den australskbygde båten med plass til i alt 358 passasjerar. Enkelte nekta å reisa med båten, medan andre ønskte far-tøyet velkomen tilbake i fart. På Stord gav ekspeditør Runar Isdahl og hans kollegaer ei blomehelsing til «Draupner»-mannskapet.

Ikkje i ordinær rute HSD vil ikkje setja «Draup-ner» inn i ordinær rute, båten skal nyttast på dagar med stor trafikk og til charterturar.

«Draupner» sitt sertifikat blei inndrege etter «Sleipner»s forlis 26.november 1999. Først 8.mai i år fekk båten sertifikatet tilbake, etter omfattande testar, ombyggingar og utskifting av red-ningsmateriell. HSD arbeider vidare med å få selt eller leigt ut båten, som ny kosta rundt 60 millionar kroner levert frå Austal Ships i 1999. «Draupner» er for dyr å driva i eigen regi, meiner HSD.

FØRSTEREIS: 17 månader gamle Ingvild Rusten var saman med foreldra Kristine Mikkelsen og Jon Christian Rusten onsdag dei første som reiste med «Draupner» etter søsterskipet «Sleipner» s forlis 26.november 1999. FOTO: OVE A. OLDERKJÆR