Siren Sundland

DET VAR EIN GONG , for slett ikkje lenge sidan, i den vesle byen Brandeby. Der budde eit optimistisk folkeslag som visste å sette pris på lett duskregn og lite lys. Sur nordavind og glade brandebyborgarar møttest dagleg på Torget og var skjønt einige om at dette var den beste byen i verda.

Uvanleg mørke skyer tok til å sige inn over Brandeby. Dei glade borgarane vart meir og meir inneslutta, eit murrande mismot la seg tungt oppetter fjellsidene og sjølv den elleville syttandemaikomiteen tok til å ane uråd. Pengekassa var tom! Den beste byen i verda var bankerott. Det einaste Brandeby hadde nok av no var skulebygg med soppskade. Og frå dei kalde klasseromma kvein det astmatisk, og ingen visste si arme råd.

EIN DAG HENDE DET NOKO uventa. Frå dei solvarme åsane i Kenya kom ein høgreist mann, mørkeblå i blikket med kritkvite skjortekragar. Innbyggjarane i Brandeby kjende han att med det same, det var Frielosofen som var kommen heim frå sine lange reiser mellom kaffimarknadene i Afrika.

Frielosofen var ein karismatisk historieforteljar frå ein familie som hadde merkevarebygd seg opp ein formidabel formue. Frielosofen var kjent over heile landet for både pengane sine og dei eventyrlege reisene han hadde gjort ute i den store verda.

Frielosofen såg med vemodig blikk på armoda i heimbyen. Og han lova at dersom innbyggjarane ville tru på han, så skulle han vere deira Borgarmeister, og merkevarebyggje opp att velstanden i byen.

Frielosofen talte til borgarane og bad dei lytte til hans frielosofi:

«Eg er god med pengar,» sa han smilande.

«Brandeby treng pengar,» konstaterte han.

«Brandeby treng Frielosofen!» konkluderte han.

Og borgarane nikka. Ein av dei ropte ut: «Du har fengsla/gripen oss alle. Vi er rede til innsats!»

MERKEVAREBYGGJAREN er vår tids helt. Merkevarebyggjaren er den karismatiske forteljaren som jaktar på vår tiltru. Di sterkare vi trur på forteljinga, di meir pengar er forteljaren verdt.

Allereie fleire hundre år før TV 2 kom, og lyste opp stovene våre i glade åttitalsfargar, dreiv vi med merkevarebygging. Eller lygesoger, som det heitte då. Vi delte gode historier der vi sat i tussmørkret og spikka med sløve knivar. For ei lita stund var det lov å drøyme seg litt vekk frå både spikk og spade, og drøyme om det gode liv. Moderne merkevarebygging har mykje til felles med gammaldags eventyrforteljing. Alt handlar til sjuande og sist om å overleve. For verda er så stor og skummel, og vi er så mørkredde. Då er ingenting betre enn ein karismatisk forteljar som ryddar teljekantar i kosmos og lar oss sove trygt om natta.

Merkevarebyggjaren er vår tids helt. Men no ser det ut for at våre heltar vil møte ei stor utfordring: Mykje kan tyde på at den gode historia ikkje lenger er nok. For den som verkeleg vil vinne vår tiltru, må halde det han lovar! Og då vert det jo straks verre. Dei mektige merkevarebyggjarane har fortalt oss gode historier, dei har tenkt ut spanande og spesielle løfter. Lova det som var endå betre enn det dei andre lova, noko som er heilt annleis enn det dei andre lova.

Men å halde det ein lovar har liksom ikkje vore heilt i fokus. Nettopp dette har gjort politikken til eit evigvarande homeparty i løftebrot.

MEN NO HAR VI FÅTT NOK . Vi har fått så inderleg nok at den som held det han lovar er sikra suksess. Same kva han lovar. Berre sjå på Reitan og Rema 1000. Det er ikkje tvil om at dei nitriste butikkane til Rema kan framprovosere akutte depresjonar. Pallar med næringslause nudlar så langt auga ser kan ta motet frå kven som helst. Men Rema 1000 heldt i det minste det dei lovar — dei held kvardagen grå!

Visst er det arrogant. Og visst er det elegant. Vi treng, meir enn nokosinne, folk og saker som er til å stole på. Den store suksessen til Reitan byggjer på nettopp dette, at det er så langt mellom det vi kan lite på. No er det ikkje all verda han har å by på, Rema-Reitan. Men det er ein uvant luksus å vite at det du ser, er det du får. Sjølv om det er skjørbuk.

Mens Reitan gjer god butikk, tenkjer framleis dei fleste at det er for dyrt, og for vanskeleg å halde det ein lovar. Reklame er reklame, seier næringslivsleiarane. Politikk er politikk, seier dei folkevalde. Salige i blikket held dei fram med sitt: lovar nytt og spennande, merkevarebyggjer i overflata med freidig mot, hyrer inn profesjonelle eventyrforteljarar og høyrer Ingebrigt Steen Jensen sitt foredrag om og om igjen. Om natta, når dei søv, ser dei lyset frå Ona Fyr.

KORLEIS GJEKK DET SÅ med Brandeby? Fekk dei ny velstand og glede i byen sin? Slik gjekk det til at BrAndeby (tm) fekk seg ny Borgarmeister®. Men korleis det gjekk vidare med den vesle byen, er det enno for tidleg å seie noko sikkert om.

Det eventyret har å fortelje oss, er at den som kan fortelje gode historier, den kan verte rik.