Det heiter at makta ter seg og at makt korrumperer. Difor er det viktig å halde dei som sit i maktposisjonar under kritisk oppsikt.

Retten til innsyn i offentleg verksemd er grunnleggande i eit demokrati. At innsynsretten også blir etterlevd, er avgjerande for at politikken og forvaltninga skal oppnå legitimitet. I ei tid med sviktande engasjement og valdeltaking, og aukande politikarforakt, er det meir enn merkeleg at ikkje politikarane innser og tek konsekvensane av dette ved ein meir offensiv og klar innsynspolitikk.

Det manglar mykje i dag på at vi kan seie oss nøgde med korleis innsynsretten blir praktisert.

Tvilsam praksis

Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga (Sivilombodsmannen) har ei rikhaldig eksempelsamling som viser at det blir hemmeleghalde altfor mykje og i strid med lovverket. Ombodsmannen er klageinstans for avgjerder frå forvaltninga.

Det er drøssevis med saker/dokument som blir unntekne frå offentleg innsyn — heilt utan heimel eller utan klar heimel. Som oftast handlar det om haldningar hjå dei som skal avgjere innsynsspørsmål.

Svært ofte bestemmer byråkratar og politikarar seg for at dei vil unnta eit dokument, og så freistar dei å finne eit grunnlag eller ein heimel etterpå. I tilfelle der det er tale om skjøn eller vurderingar, vel dei ofte å hemmeleghalde så mykje som mogeleg framfor å velje den motsette innfallsvinkelen: at så mykje som råd skal gjerast tilgjengeleg. Ofte skjer «hemmelegstemplinga» reint mekanisk - ein vel å unnta «for å vere på den sikre sida». Det vedgår byråkratane ofte.

I somme tilfelle kan det vere på sin plass å unnta visse opplysningar. I staden for eventuelt å sladde ein liten del av dokumentet, vel ein å unnta heile dokumentet.

Stadig ser ein døme på nye oppfinnsame metodar for å stenge opinionen og pressa ute, dels frå møte, dels frå dokumentinnsyn.

Motstridande

Sidan 1970 har vi hatt offentleglova som skal sikre ålmenta innsyn i forvaltninga sine saksdokument. Lova vart kjempa fram av dåverande statsminister Per Borten (Sp). Sidan har vi fått lover som opnar dørene til fleire kommunale organ, og vi har fått opne komitéhøyringar i Stortinget.

Samstundes har det vore ein straum av tiltak den motsette vegen: fleire etatar og organ er blitt omdanna til offentleg eigde aksjeselskap der eit meir eller mindre uttala motiv for omdanninga har vore nettopp å stenge ålmenta ute. I kommunane er det mange døme på at møte i formelle organ blir «omdøypte» eller kalla noko anna, for å stenge dørene.

«Sand i maskineriet»

Det er eit faktum at politikarar og byråkratar tidvis oppfattar innsynsretten som «sand i maskineriet». Argumentasjonen for hemmeleghald handlar som oftast om at det gjer saksbehandlinga enklare og meir effektiv.

Det er eit argument som opinionen, veljarane, ikkje bør finne seg i. Politikarane og byråkratane er samfunnet sine tenarar og folk har rett til grundig og tidleg informasjon nettopp for å engasjere seg og øve innverknad.

Det er forståeleg at byråkratar og ein del politikarar finn det meir bekvemt å nekte innsyn i dokument «som gjer livet vanskelegare». Men det er korkje akseptabelt eller aktverdig å nekte innsyn på eit slikt grunnlag. Då har dei gløymt kven dei er til for.

Ros og skam

Det er store skilnadar mellom partia og jamvel mellom politikarar frå same parti i haldningane til offentlegprinsippet. Generelt kan ein seie at Ap har lite å rose seg for, men mykje å skamme seg over når det gjeld innsynsspørsmål.

Per Borten er nemnt. Nyleg opplevde vi at Borten kritiserte norsk presse for manglande bruk av offentleglova. I eit intervju med Dagbladet på 90-årsdagen sin, 3. april i år, sa Borten mellom anna:

«Loven om offentlighet i forvaltningen er uhyre verdifull for et demokrati. Men jeg er skuffet over at pressen i Norge, i motsetning til Sverige og Danmark, bruker den så lite.»

Det er berre å gje Borten rett i dette. Norsk presse og norske redaktørar har hatt for lite engasjement i innsynsspørsmål. Pressa har ei viktig oppgåve med aktiv bruk av offentleglova, å avdekke det politikarar og byråkratar på tvilsamt grunnlag vil halde hemmeleg.

Det er difor gledeleg at Norsk Redaktørforening nå vil innleie ein kampanje som skal gå over fire månadar for å utnytte innsynsretten og påverke styresmaktene til å gje auka innsyn.

Følg Sponheim

Det er også grunn til å framheve Venstre-leiar Lars Sponheim. Som næringsminister i den første Bondevik-regjeringa, innførde han som prinsipp at nekting av innsyn måtte grunngjevast spesielt og presenterast for den politiske leiinga, før det vart gjeve avslag. Det var eit heilt nytt prinsipp som ser ut til å ha blitt så sterkt innprenta at det har overlevd dei to etterfølgjande statsrådane i departementet.

Sponheim var klar på at ein slik kurs kunne ha sin pris: auka innsyn kunne bli ubehageleg. Men den positive verdien av det var likevel større, meinte han.

Dette initiativet frå Sponheim kunne andre statsrådar med fordel ta lærdom av.

Kuvending

Ofte ser ein at politikarar endrar standpunkt når dei går frå opposisjon til posisjon, slik også når det gjeld innsynsspørsmål. Dei kan gjerne snakke varmt om verdien av innsyn når dei sit i opposisjon, for så å bli meir tilknappa når dei kjem i posisjon.

Når det gjeld offentleglova har vi interessante døme: her opplevde vi at Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet gjekk inn for å stramme inn på innsynsretten i søkarlister etter at dei forlet regjeringskontora. Dei gjekk frå det dei hadde stått saman med Venstre om i Bondevik I-regjeringa og slo lag med Høgre, Ap og Frp.

Konsekvensane av den lovendringa som vart gjennomførd i 2001, er at offentlege søkarlister, som i lova framleis er hovudregelen, er blitt ein illusjon. Det er ein invitasjon til ei ny form for slalåm, krumspring for å hindre innsyn, som betyr svekka kontroll med tilsettingane.

Det har vi fleire ferske døme på.