Gud er alltid med på alle sider i krig. Alle armear og religionar held seg med feltprestar. Når vi har inntrykk av at Vårherre er særleg aktiv i krigen i Irak, er det fordi han som gjerne vil bli kalla den frie verdas leiar, heile tida nyttar bibelske allegoriar og allusjonar. Problemet er ikkje hans kristne tru, men den stadig meir markerte bruken av denne trua som støtte for verdsleg nasjonalisme. Dei meir komiske sidene av denne nasjonalismen gir seg utslag i boikott av fransk vin og ost. Fint, seier eg, så blir det meir til oss andre.

Det blir meir utriveleg når denne sekulære bruken av kristen tru fører til formuleringar om «Guds utvalde folk». Vårherre er neppe amerikanar. Vi veit ikkje om amerikanarane er meir kristne enn andre. Men stødige kyrkjegjengarar er dei. 84 prosent av amerikanarane seier at dei er det. Likevel er europeiske kristne lite glade og imponerte når Bush utnemner Gud som Amerikas sjefskommandant i den politistyrken som held orden på verda. Europearar trur ikkje på at Gud har autorisert Bush og Rumsfeld til å utøve ufeilbarleg skjønn om andre land og regime. Når Bush stadig knyter Guds namn til amerikanske triumfar, står vi sjølvsagt ikkje overfor ein metodistvariant frå den lokale kyrkja til Bush i Texas. Vi møter uforfalska, stupid, verdsleg nasjonalisme.

Mykje tyder på at dei amerikanske kyrkjene heller ikkje er så lykkelege når Bush nyttar Vårherre på denne måten. I alle fall nektar han nå dialog med amerikanske kyrkjeleiarar. Når det gjeld vår eiga heimlege kyrkje, tykkjer eg den har kome nokså anstendig ut av det. Eg har aldri sett dei kome så nær eit ideal eg var med å formulere i ei stortingsmelding for over tjue år sidan. Der skreiv vi at kyrkja måtte vere der når tyrannar skal refsast og fredens sak talast. Men også her heime er det avvikarane blant dei som kallar seg kristne som påkallar størst interesse. I veka som gjekk fekk dette avviket ansikta og røystene til Odd Sverre Hove og Finn Jarle Sæle.

Finn Jarle Sæle er så hissig på krig at han utan problem fell inn i rolla som Strilelandets dr. Strangelove. Hoves teknikk er meir å dynge på såkalla fakta til det til slutt bør vere innlysande for oss alle at vi må finne fram den gamle Mausaren. Likskapen med Bush ligg i framstillinga av dette som ein krig der det Gode kjempar mot det Vonde. Vestlendingane treng berre å flytte nokre få bokstavar, så kan dei kalle fienden Satan Hussein. Saddam Hussein må demoniserast inntil det absurde. Han blir verre enn alle andre diktatorar og undertrykkarar. Både våre liv og vår kristentru er i fare dersom vi ikkje nå støttar Bush.

Eg har små voner om å overtyde Odd Sverre Hove om at absurditeten i denne overdrivinga gjer ho intellektuelt uredeleg. Dersom vi er på leit etter det regimet som mest systematisk bryt menneskerettar og undertrykkjer eigne borgarar, er det truleg ein betre ide å bombe Burma. Er vår fremste otte eit regime som har samband med al-Qaeda og andre terroristar og som samstundes styrer med jernhand, burde vi vel konsentrere interessa om Saudi-Arabia. Eller om vår skrekkvisjon er spreiing av kjernefysiske og andre folkerettsstridige våpen, er vel som mange har sagt både Nord-Korea og Iran meir i støtet enn stakkars Irak. Men det utan samanlikning farlegaste regimet i så måte er eit militærdiktatur som heiter Pakistan. Der blir ikkje mange konsultert i diskusjonen om det er rett å bruke kjernefysiske våpen. Problemet er berre at dette militærdiktaturet for tida er ein av dei såkalla koalisjonsstyrkanes viktigaste allierte. Eg har intenst mislikt Saddam Hussein heilt frå han var Vestens lydige ærendssvein og allierte. Eg ønskjer han vekk. Men han har ikkje riktig dimensjonar til å framstå som den eine udiskutable Belsebub.

Vi må stille spørsmålet om kva det er som får vestlandske kvardagskristne til med intensitet å melde seg som støttespelarar for ein supermaktskrig. Her manglar jo til og med det amerikanske nasjonalistiske elementet. Vi kan også sjå heilt bort frå at desse haldningane er avleia frå Skrifta og eit særleg bibel-syn, Irak-krigen har til fulle konfirmert vår gamle innsikt om at Skrifta gir rikeleg rom for alle oppfatningar. Alle kan halde fram med slik dei har gjort det siste hundreåra, å hevde at dei representerer den eine rette tru. Eg trur heller ikkje dette er reaksjonært gamalmannssyn som byrjar å verke hos dei etter kvart aldrande stridsmennene. Dette er først og fremst politikk, men haldningane kan vi berre forstå ved også å inkludere religion.

Hove og Sæle har sine meiningsfeller. Dersom nokon som ikkje kjenner vestnorsk lekmannskristendom skulle meine at det har dei fordi folk er toskne, uvitande og lette å leie, må eg protestere. Mi røynsle tilseier at dei ikkje er toskne. Eg snakkar nå om fotfolket, ikkje om frontfigurane. Haldningane har ei innlysande, rasjonell forklaring. Dessverre gjer denne alvoret i saka større. Nøkkelordet her er muslim. Fleire skulle høyre på kva folk frå denne lyden seier når ikkje media er til stades. Gjennom dei siste åra har det i desse kretsane grodd fram haldningar som knapt tåler dagens lys og som må uroe alle som har otte for manglande toleranse i vårt samfunn.

Dei som ikkje finn noko rasjonell forklaring på kvifor kristenfolket i vest og sør flokkar seg om Framstegspartiet, bør starte her. Retorikken om muslimar minner då også om meir ikkje stovereine epokar i Frps historie. (Dei ynglar som rotter, osb). Dette har sjølvsagt med Israel og palestinarane å gjere. Folket i vest har alltid hardnakka nekta for at palestinarane har eit stort innslag av kristne både blant leiarar og folk. Av og til lurer eg på om desse forstokka haldningane har noko med enkel statistikk å gjere. Det er eit faktum at prosenten av kristne menneske i verda stadig går ned. Draumen om å gjere alle folkeslag til læresveinar blir stadig meir urealistisk. Kan det tenkast at nokon såkalla gode kristne ikkje ser heilt mørkt på litt hjelp frå den amerikanske krigsmaskina, for å rette opp dette biletet?

Det er eit avskyeleg spørsmål. Men ein del av dei haldningane som nå har grodd fram om muslimar og arabarar her heime er også avskylege og farlege. Den kristne retorikken om muslimar kan berre føre til meir ulykke og død. George Bush bør få nokon med historisk kunnskap til å fortelle kvifor han ikkje må bruke nemninga «krosstog» om sine militære framstøytar. Fleire bør bruke tid og krefter på å forklare vestnorske kristne at deira haldningar til sjablonen «muslim», fører dei inn i ein strid dei aldri kan vinne. Nokon av dei må då sjå at det er ein betre ide, slik dei har gjort i Oslo, å gå saman med muslimane til gudshusa og dele sorger og otte over krig og ulykke.