Av Geir Midtun, Lofthus

Er det eit innlegg mot Hardangerbrua, er det eit innlegg til støtte for norske riksvegferjer, er det eit «bestillingsverk» frå motstandarar av brua, eller er det skrive på bakgrunn av at dir. Helge Møller i Reisemål Hardanger Fjord skal ha uttalt seg feil i høve til undersøkinga blant vegfarande turistar som Nordgreen leia i 2000? Eg har sjølv utdanning frå ein liknande studiestad som den Nordgreen representerer, og veit at sjølv om studiet i seg sjølv er svært god ballast for framtidige reiselivsfolk, så er det heller ikkje i reiselivet alltid samsvar mellom teori og praksis. Og ein kjem ikkje vekk ifrå at eit studium stort sett er teori. Etter endt utdanning har eg no arbeidd 16 år i reiselivet i Hardanger, og den kvardagen eg opplever er ein heilt annan enn den Nordgreen si undersøking gjev inntrykk av.

For det første har det då aldri vore tale om å fjerna ferjene i Hardanger! Sjølv når Hardangerbrua kjem, vil det framleis gå ferjer Kinsarvik-Utne-Kvanndal og Jondal-Tørvikbygd. Strekningar som i seg sjølv er små «mini-cruise», og mykje meir turistvennlige enn den 10 minuttars «stress-turen» som Brimnes-Bruravik er om sommaren. Dersom Nordgreen, eller nokon annan, prøver å skapa ein «opinion» mot bru blant utanlandske turistar, ved å hevda at ferjene vil bli borte, da driv dei direkte feilinformasjon.

Ein annan ting er at dei spurde turistane kanskje reiser med ferje i Hardanger ein gong i livet. Skal dei då setja premissane for debatten?

For det andre har eg som sagt no vore 16 år i reiselivet i Hardanger, og det turistane, og ikkje minst turoperatørane, spør etter, er regularitet og forutsigbarhet. Turoperatørane vil vita at dei kan kryssa fjorden, ferje eller ikkje ferje, på eit gitt tidspunkt. Kjem bussen for seint til ferja, og dermed for seint til lunsj eller middag, er turoperatøren ifylgje EU-reglane erstatningspliktig.

Me opplever òg ein mengde spørsmål etter båtturar på fjorden, men realiteten er at turistbåtruta på Hardangerfjorden står i fare for å verta lagt ned, på grunn av for liten trafikk. Kvar er då alle turistane som absolutt ville på båttur?

Og for det tredje skal Hardanger leva utanom turistsesongen òg. Det som Nordgreen kallar «Hardanger-turismen» skjer i perioden medio mai til byrjinga av september, i drøye 3 månader. Då har me att drøye 8 månader av året, månader der reiselivsnæringa i hovudsak skal leva av norske gjester. Kurs/konferansar og helgetrafikk. For desse gjestene er det viktigaste at transportvegen til og frå hotellet er enklast mogeleg. I desse 8-9 månadane kvart år er ferjene regelrett eit hinder for reiselivet i Hardanger. Den «reisetrivnaden» som Nordgreen talar varmt om, eksisterer ikkje mellom Brimnes og Bruravik ein iskald november-dag. Og det er ikkje ferjemannskapet si skuld, dei gjer sitt beste, og ofte litt til, for oss vegfarande.

Og gløym ikkje at resten av næringslivet i Hardanger også skal ha levelege rammevilkår.

Difor har Vegvesenet heilt rett når dei i meldinga om konsekvensutgreiing av Hardangerbrua fokuserer på transporteffektivitet. Det finst andre ferjesamband for dei som har god tid. Og difor er konklusjonane til reiselivsforskaren på Lillehammer ikkje i tråd med dei realitetane som reiselivet i Hardanger må forhalda seg til, 12 månader i året.