OVE A. OLDERKJÆR (tekst og foto)ove.olderkjaer@bergens-tidende.no Antrekket var galla, middagen var pinnekjøt, stemninga var oppløfta og rakettane mange. Men det var ingen akevitt, sjampanje eller juleøl, korkje på eller under bordet.— Du veit, det er Jesus som er i sentrum hos oss, seier Jan Otto Innvær (18) frå Bømlo. Han er musikklineelev på Stord, og feira årsskiftet på Leirvik bedehus med over hundre festkledde ungdommar.Nyårsfestane for ungdom i Leirvik bedehus har ein lang tradisjon. Jenter og gutar frå 14 år og oppover strøymer til bedehuset som også elles i året har eit godt grep om ungdommen. Show og allsong - Nyårsfesten er eit tilbod først og fremst til eigne medlemmer, men også andre er velkomne, fortel Øyvind Brekke og Kjell Magne Fauskanger i indremisjon- og ungdomsforeningen, Stord IUF.- Vi tilbyr full middag, god underhaldning, midnattsgudsteneste, rakettar og show, allsong og andakt, seier Brekke og Fauskanger.Midnattsgudstenesta tek til klokka 23 i Stord kyrkje hundre meter unna. Etter rakettoppskytinga ved midnatt går ungdommane tilbake til bedehuset og held fram festen utover natta. Storinnrykk til sommaren Leirvik bedehus er velutstyrt med topp lys- og lydanlegg og scene. Dermed blir det mange song- og musikkinnslag, og slett ikkje berre i salmesjangeren når bedehusungdom festar. Etter middagen nyårsafta viste Stord IUF ein sjølvprodusert video om ungdomslandsstemnet som sommaren 2001 skal vera på Stord. 1500-2000 kristne ungdommar kjem til øya frå heile Noreg.- Dette er fjerde nyårsfesten min i bedehuset. Her er det moro og alvor i ei fin blanding, seier Ingrid Flatøy (17) frå Sagvåg, musikklineelev og forsongar på festen.