Av adm. dir. Bjørn Myhren — Hordaland Reiseliv

Kronikken gjekk ut på å gjere hardingar og andre som er tilhengjarar av Hardangerbrua, merksame på kva dramatiske følgjer brua vil få for tysk turisttrafikk til regionen. Nordgreen framfører eit vitnemål frå ein tyskar som etter forskaren si meining er representativt for mange, og som går ut på at «Kjem det bru, så kuttar tyskarane Hardanger som reisemål»! Hovudgrunngjevinga er - etter det vi kan forstå: «Å erstatte ferjestrekningen mellom Bruravik og Brimnes med bru, er det same som å leggje ned ein av dei viktigaste turistattraksjonane i Hardanger»!

Nordgreen framstiller situasjonen som om Bruravik-Brimnes er det einaste ferjesambandet over Hardangerfjorden, men han må då vite betre! Eller: Kanskje meiner han at Hardangerbrua vil føre til nedlegging av dei andre 3-4 ferjesambanda over fjorden? For mange turistar er fjordopplevinga viktig. Slik sett er vi einige med Nordgreen.

Hordaland Reiseliv er likevel totalt usamd med Nordgreen i dei «dommedagsprofetiar» som han set fram, og vil berre kort slå fast at så langt nokon kan sjå inn i framtida, er det til dømes ikkje fnugg av usikkerheit kring ferjesamba n det Kvanndal-Utne-Kinsarvik.

Og det er nettopp på dette sambandet vi i ordets rette forstand kan snakke om eit fjordcruise, Denne strekninga har eit større trafikkpotensiale enn det som no vert henta ut. Betre ferjekvalitet på strekninga Utne-Kinsarvik er ein føresetnad for å auke trafikkgrunnlaget, og HSD stiller seg positiv til ei slik satsing.

Nordgreen finn det tydelegvis både rett og rimeleg frå sin geografiske ståstad med

kort avstand til Norges hovudflyplass

den mest oppdaterte jarnbanestrekning i landet eit av landets beste vegnett at tilreisande og fastbuande i Hardanger som grovt sett berre har veg med ferjer som ferdselsåre, ikkje ein gong bør tilgodesjåast med ein alternativ måte for riksvegane å krysse fjorden på.

Ei tidlegare regjering har peika ut Ha r danger som nasjonalt satsingsområde i reiseliv. Konkurransen er knivskarp, og utviklinga dei siste ti åra har synt at dei større byane og dei med best tilgjenge har vunne marknader, medan distrikta har tapt.

Dette er ei av dei største utfordringane reiselivet står overfor, og betre, tryggare og meir fleksibel tilgjenge er ein føresetnad for utvikling, og må vere eit prioritert innsatsområde for å oppretthalde konkurransekrafta.

Vi er samde med Nordgreen i at einsidig fokus på effektiv transport ikkje alltid er den beste løysing. Slik einsidig f o kus har ikkje reiselivet i Hardanger eller Hordaland. Såleis har mellom anna utvikling av fellesprodukt/opplevingsprodukt vore høgt prioritert i regionen, og dette er også nedfelt i Reiselivsplan for Hordaland.

Hordaland Reiseliv merkar seg dessutan Nordgreen si meining om at vi på desse kantar ikkje forstår vårt eige beste.

Han seier: «... vi bør akte oss for å bagatellisere Hardangerbrua som eit trugsmål mot utanlandsk fritidsreiseliv.» Tenk det!

Det kan knapt vere ukjent for Nordgreen at fylkestinget i Hordaland og mange kommunar i mange år har sett inn betydelege midlar og gjennomført ein iherdig innsats på alle plan for å få brua realisert.

Ei særs samstemt reiselivsnæring i eit fylke som tek mål av seg til å bli best i Norden, sluttar opp om den politiske prioriteringa. Dessutan veit hardingane å ta svært godt vare på kultur og tradisjonar!

I eit komplett bilete av næringa i Hordaland høyrer også med at knapt noko anna fylke i landet har fleire utanlandske gjestedøgn i sommarhalvåret enn Hordaland. Utanlandstrafikken er såleis umåteleg viktig for reiselivsnæringa i Hordaland, der Hardanger står heilt sentralt.

Og så kan herr Nordgreen få seg til å framstille brua - eit av dei høgast prioriterte vegprosjekt i vårt fylke - som eit trugsmål mot utanlandstrafikken!

På dette grunnlag er det ikkje til å unngå at det melder seg ei rad spørsmål:

Må vi ta dette på alvor?

Vil han oss godt, og meiner han det vel?

... eller har han ein skjult dagsorden?

Kva er den eigentlege føremålet?

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er vanskeleg å ta hovudpoenget i kronikken seriøst. Men dersom det likevel skulle vere dokumenterbare opplysningar om den «trugselen» som vert sett fram, ville det vore ufatteleg nyttig for reiselivsnæringa i heile landsdelen å få nærare kjennskap til analysegrunnlaget som ligg til grunn for desse høgst oppsiktsvekkjande opplysningane.

Dei indre strok av Hordaland har slite med ei negativ utvikling dei seinare år, og det er ei umåteleg viktig og prioritert oppgåve for næringslivet og politisk å få til vekst.

I dei aller fleste fora der utfordringane vert diskutert, vert betre tilgjenge sett på som eitt av dei viktigaste vilkåra for å snu negative trendar både i reiseliv og andre næringar.

Det er bygt mange bruer på våre kantar dei seinare år, og det er eit udiskutabelt faktum at alle stader der ferjesamband har vorte erstatta av bru, har trafikken inn til og innan regionen auka merkbart.

Vi er overtydde om at Hardangerbrua vil gi tilsvarande positive effekt. Samstundes - og det er viktig - vil den auka fleksibilitet som brua skapar, gi alle næringsgreiner eit løft og ein breiare arbeidsmarknad i tilknyting til dei regionale sentra.