Denne sjukdomen blant dyr er ikkje ny. Sjukdomen skuldast eit virus, og tidlegare var det lettare å få bukt med spreiinga. Både moderne jordbruk og jordbruksindustri har gjort sitt til å auka problemet. Stadig større einingar av gardar og slakteri, meir transport av både livdyr og slaktedyr over lange avstandar gjer at smitten raskt spreier seg over store område.

Kugalskap er eit anna eksempel på korleis presset om at alt skal effektiviserast og gje rask og høg lønsemd, kan føra til at naturen sine eigne lover ikkje blir respektert. Resultatet er skræmande. Begrep som hormonkjøt, genmat og matsminke er velkjent frå mange politiske debattar. Senterpartiet har vorte skulda for berre å tala bøndene si sak når vi har påpeika farar ved ein politikk som favoriserer stadig større einingar, når vi har sagt at det er feil å momsbelegga basismatvarer og når vi har vore ueinige i å byggja ned grensekontrollen.

Bøndene som yrkesgruppe er viktige i ein politikk som vil ha levande bygder, det står Senterpartiet fast på. Men i desse sakene har respekten for naturen og arbeidet for trygg mat vore det viktigaste for Senterpartiet. Den store endringa i matpolitikken i Norge dei siste åra har vore at at fleirtalet på Stortinget har lagt seg på ei line der omsynet til tryggleik, helse og miljø og det vi kallar berekraftig jordbruk har fått stadig lågare prioritet. Både matvareindustrien, forbrukarane og matvarekjedene pressar på for å prisane nedover. Dette fører til eit krav til bøndene om å produsera billegare og meir rasjonelt, det blir større gardar, færre meieri og slakteri med lange transportavstandar. Krav om lønsemd pressar yteevna til dyra så sterkt at auka bruk av hormonpreparat og antibiotika kan bli ein nødvendig følgje.

Det er ille at det må slike tragiske hendingar til for at vi skal skjøna samanhengen i naturen. Det er for ille dersom ikkje alle parti heretter vil ta den store debatten om korleis vi kan finna fram til ein politikk som set tryggeliken i fokus. Omsynet til dyrehelse og dyrevern må koma framfor stadig meir effektive driftsformer og meir industrialisert produksjon. Det vi ser av dyresjukdomar ute i Europa for tida kan vera naturen sin måte å gje beskjed om at nok er nok.

Mali Grete N. Aksnes Senterpartiet.