PER MARIFJÆREN

Arves venn fortalte i retten at han mislikte hovudtiltalte, og at dei hadde ”knuffa litt” før episoden der han måtte hindre hovudtiltalte i å gå laus på Arve. Dette skjedde på ein fest i Sogndal sentrum, ei tid før Arve døydde.

Her er forklaringa Arves venn gav retten, under utspørjing av aktor Jan Hoel.

Hoel: — Kjente du Arve?

Vitnet: - ja. Eg kjente han godt, vi gjekk tre år i lag på ungdomsskulen.

— Fortell oss om Arve.

_ Han var helst ein roleg kar, opptatt av musikk, han spelte litt bassgitar sjølv, det var snakk om å danne eit band.

— Var det noe bråk med han?

— Nei.

— Var Arve ein livsglad gut, eller var han trist?

— Han var livsglad og blid.

— Såg du om Arve vart utsett for noe ubehageleg?

— Ja, det var på ein fest. Eg såg at Arve berre forsvann då NN (hovudtltalte) dukka opp. Eg fekk stoppa han NN, slik at Arve kom seg vekk. For han skulle ta han Arve.

— Kvifor skulle han ta Arve?

— Det gjekk på at han var neger, og ingenting anna. Det sa NN (hovudtiltalte) til meg. Han brukte ordet neger.

— Høyrte Arve dette?

— Nei, da var han komen seg vekk. Arve var redd og sprang fra han.

— Kor var dette?

— Det var i ein trappeoppgang, i Guro Ness-bygget i Sogndal. Når Arve såg NN, så prøvde han å komme seg vekk. Det var noko krangling mellom dei. Arve sprang ut og vekk, og NN (hovudtiltalte) kom etter. NN sa skulle ta Arve, han sa dette etter at eg hadde stoppa han

— Kanskje hovudtiltalte berre ville snakke med Arve?

_ Det tvilar eg på, for dette er ikkje første gangen. Men det er ting eg berre har hørt, at NN (hovudtiltalte) var ute etter Arve. Arve sjølv fortalde meg det, derfor stoppa eg NN (hovudtiltalte)

— Korleis stoppa du han?

— Eg stoppa han i en trappeoppgangen, holdt han fast. Eg fekk roa det ned. Eg spurde kvifor han ville ta Arve, han sa det var fordi Arve var neger.

— Såg du noko mer til Arve denne kvelden

— Nei

Vitnet forklarte også at han hadde møtt Arve Beheim Karlsen den kvelden han drukna, men han var ikkje i området då dei to tiltalte sprang etter vennen. Vitnet visste først dagen etter at Arve var sakna.