Me er sjølve 14 år og synest det er nok av tilbod for oss ungdomar på fritida. Problemet er ikkje å finna noko å gjera på, men å få fritida til å strekkja til. For kjekke aktivitetar for unge er det rikeleg av her. Me er jo frå Sørsio, og då seier det seg jo sjølv at med veit mest om det som skjer på denne sida av fjorden. Her har me ungdomar skulemusikken, musikkskulen med veldig mange ulike tilbod, sjakk-klubben, fotballklubben, kino, ten— klubb, hobbykveld, ein felles ungdomsklubb for heile kommunen og swing-kveldar m.m. Me har eit veldig godt samhald i bygda og det er alltid ein hjelpande nabo som trår til når du treng hjelp. Det er eit godt og trygt miljø å veksa opp i.

Det var veldig frustrerande å sjå korleis det vart skrive om Masfjorden. Det verkar som om her var det berre bestemt at no skulle de skriva ein artikkel om ei bygd utan håp, og så reiste de inn her for så å grava opp alt det negative de kunne finna om Masfjorden. De reiste til dei mest aude avkrokane i Masfjorden, tok bilete av ein haug med skrot og var fornøgd med det. Slik ser Masfjorden ut. Veldig trongsynt! De hadde på førehand bestemt dykk for kva de ville sjå, og så reiste de inn her og ville ikkje sjå noko anna. Kva hadde de synst om at me reiste inn til Nygårdsgaten og tok eit bilete av det gamle Bergens Tidende-lokalet, og sa at dette er Bergens Tidende? De har laga eit veldig dårleg bilete av Masfjorden. «Men bygda Herad nekta å leggja seg ned for å døy» har de skrive. Vil Masfjorden leggja seg ned for å døy då? NEI!!! Men de kan jo få det til å virka slik. Det er litt av kvart som skjer her inne i Masfjorden òg. Dugnad er det støtt, og nett no held klassen vår og foreldra på med å rydda beite på Andvik. Men slike ting har de ikkje sett på.

Me på Sandnes ungdomsskule har nett vore på ein tur med båten «Leda» innover fjorden mot Matre. Der fekk med ei omvising om forskjellige ting på Matre. Me besøkte Matre kraftstasjon, Matre havbruksstasjon som skal byggjast ut for 130 millionar kroner, Matre hotell, Bjørn West-Museet og butikkane som me elevane fort fann fram til sjølve. Me besøkte òg Trodals-museet. Me lærte ganske mykje om kva som skjer inne på Matre. Men havbruksstasjonen vart ikkje ein gong nemnd i dykkar artikkel. Det synest me er for gale.

Me forstår jo at folk vil reisa ut og oppleva litt meir enn berre Masfjorden, men me trur at dei fleste håpar på å koma tilbake etter å ha sett kva som er der ute. For Masfjorden har store verdiar og ein tryggleik som alle vert glad i. Ein sjarmerande liten kommune.

Og me utfordrar dykk til å reisa inn her i Masfjorden og laga ein kjekk artikkel om alt det positive som skjer her inne. Me håpar de vil prøva å retta opp igjen det dårlege biletet de har skapt av Masfjorden.

TO UNGDOMAR