ARNE HOFSETH (tekst og foto) arne.hofseth@bergens-tidende.no

Tett oppunder hundre arbeidarar, alle som kunne forlata arbeidsplassen utan at alt gjekk i stå, marsjerte ut porten ved tolv-tida fredag, for å streika i tre timar.

Etter å ha høyrt appellar, som dei sterkt applauderte, fekk arbeidarane beskjed om å gå inn att i varmen, og setja seg ned.

Løfta ikkje ein finger – Vi skal ikkje øydelegga helsa ved å stå ute i den kalde trekken i tre timar, sa Wenche Jensen, som er med i aksjonsleiinga. Etter ein god halvtime utanfor porten var dei fleste på plass att innanfor, utan å løfta ein finger for arbeidsgjevaren før klokka tre.

– Vi finn oss ikkje i at Ålvik Arbeiderforening er sett på sidelinja i denne prosessen, utbasunerte Frode Wollestad over megafonen.

Han vart på medlemsmøte torsdag kveld utpeika som aksjonsleiar for den «ville» streiken.

Medlemene var fortørna over at dei berre har fått ei vekes frist til å avgjera om dei vil akseptera bodet frå Elkem og skriva si eiga oppseiing, eller ta kampen opp og risikera å bli snytt for etterløn.

Folkvord vart helt Ålvikarbeidarane trykte stortingsmann Gard Folkvord til brystet etter eit intervju i Bergens Tidende onsdag. Storkopiar av utklippet heng over alt i Ålvik.

Elkem har bestemt at smelteverket i Ålvik skal nedbemannast med 100 mann i år og 50 neste år.

Tillitsmannsapparatet deltok i utarbeidinga av første utkastet til treårsplan. Ei nedbemanning med 30 mann kvart år var akseptert både av dei tilsette og leiinga lokalt. Men i konsernet var ikkje sjefane nøgde, sjølv om Bjølvefossen går med solide overskot. Det nye opplegget fekk dei tilsette «tredd nedover hovudet», seier aksjonsleiinga.

Arbeidarane ved Bjølvefossen ASA i Ålvik la ulovleg ned arbeidet i tre timar fredag.