TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Samstundes tyder alt på at den endelege avgjerda om kven som har skulda for byggjefadesen i Florø, vert avgjort av rettsystemet.

På møtet i går ettermiddag gav formannskapet leiinga i kommunen grønt lys for å søkje topp juridisk hjelp i utarbeidinga av krav mot prosjektfirma, entreprenørar, byggjeleiarar og kontrollørar som hadde arbeidet med Havhesten, som er namnet på Flora-badet.

— Vi har ikkje betalt for eit bad som både lek og rustar, kommenterer Flora-ordførar Kolbjørn Dyrli overfor Bergens Tidende.

Store manglar For det er nemleg det det gjer, den arkitektoniske perla av eit badeanlegg som Flora kommune betalt bortimot 50 millionar kroner for nøkkelferdig i fjor. For sjølv om det er vakkert utanpå, er slett ikkje alt som det skal vere inni. Kommunen leigde inn til rått og rote då Havhesten skulle byggjast. Hovudentreprisen hadde Selmer.

Vanskane starta med ein gong. Opninga blei utsett fleire gonger, og når anlegget endeleg vart opna med pomp og prakt i fjor gjekk det ikkje lenge før det vart oppdaga lekkasjar. Stenging og reparasjonar måtte til, men utan at det var nok.

I dag er badstovene i bygget stengt. Der manglar det isolering, og kondens gjer at det dryp. Elles er anlegget ope, og i vanleg drift.

Kritisk rapport Norges Byggforskningsinstitutt har granska Havhesten etter at det eine problemet avløyste det andre. I ein rapport kjem dei med grunnleggande kritiske innvendingar mot bygget, faktisk blir det stilt spørsmål ved det meste frå prosjektering til utført arbeid.

I rapporten, som blei omtala av avisa Firdaposten sist veke, reiser instituttet tvil ved om det verkeleg er brukt det rustfrie stålet som var tenkt i badelandet. Dei rår difor til at stålkvalitetet på bygget vert testa.

Byggforsk påpeikar også ei rekkje andre manglar: Golv som skulle leggjast med fall, har blitt flate. Sveisefuger er ujamne, noko som fører til rustdanning. Det er oppdaga store mengder fukt i kanalar og rør.