I dag blir det folkemøte for lokalsjukehuset på Leirvik torg. Blant anna vil ein god del av Stords mange tusen industriarbeidarar setja sitt preg på sentrum etter arbeidstids slutt i dag. Fagrørsla engasjerer seg sterkt for sjukehuset, og Aker Kværners hovudtillitsmann Atle Tranøy skal halda appell i dag.

— Uro rundt fødeavdelinga har skapt redsle blant folk i regionen. Er det for lite pengar i Helse Vest, bør fokus rettast mot den skeivfordelinga av helsemidlar som er her i landet, seier Bømlo-ordførar Inge Reidar Kallevåg (H).

Samarbeidsrådet for Sunnhordland, som er ordførarane i åtte kommunar, har levert ei krass høyringsfråsegn til Helse Fonna, som er føretaket for sjukehusa Haugesund, Odda, Valen og Stord under Helse Vest.

— Me kjem til å stå på til denne saka er vunnen. Og me kjem til å vinna, seier Fitjar-ordførar Agnar Aarskog (Ap), styreleiar i regionrådet.

Sinna i kok

Sinna i Sunnhordland er sette ekstra i kok av eit framlegg frå Helse Fonna-direktør Johannes Kolnes, tidlegare direktør ved Haugesund sjukehus, om å nedgradera statusen ved Stord sjukehus si fødeavdeling til «modifisert fødestove».

Kolnes meiner «føden» på Stord ikkje har nok heilkontinuerleg tilgong på akuttfunksjonar som anestesi, gynekologi og barnelege til å forsvara nemninga fødeavdeling. Det blir kontant tilbakevist av helsepersonell ved sjukehuset.

Kolnes vil at problemfødslar i Sunnhordland skal skje ved avdelinga i Haugesund. Transporttider på opptil to timar frå Sunnhordlands yttergrenser er ikkje tekne med, noko som provoserer sunnhordlandsordførarane.

— Det grensar til useriøsitet, meiner ordførar i Tysnes, Lorentz Lunde (KrF).

11.000 underskrifter

Kvinnene på Stord som i vår starta aksjon for sjukehuset, har samla rundt 11.000 underskrifter imot Helse Vest og Helse Fonna sine framlegg.

Ordførarane i regionen skal møta styret i Helse Fonna dagen før møtet 28. mai, som gir viktige føringar for Helse Vest si endelege avgjerd i juni.

— Helseføretaka er lite demokratiske. Me har i lang tid prøvd å få innpass, føretaka må bli opnare, seier Stord-ordførar Magne Rommetveit (Ap), som meiner Helse Fonna har skapt inntrykk av at Stord har eit annanrangs sjukehus.

— Me har måtta pressa oss føre styrerommet til Helse Fonna, seier Lorentz Lunde.

— Føretaka må opnast opp. Styremedlemene kan ikkje sitja på mørke styrerom utan at demokratiet får spelerom, meiner Aksel Kloster (Ap), ordførar i Kvinnherad.