debattAv Trygve Refsdal

Då me som arrangørar sette opp haustens program var me mest opptekne av å få til eit godt program, mindre av kvotering. Alle mennene me spurde om å halda hovedforedrag sa straks ja, men ikkje alle kvinnene. Dette ga ein ekstra ubalanse, og me rekna med kritikk for det. Elisabeth Aasen forstørrar ubalansen med å rekna Georg Johannesen som hovudforedragshaldar. Han skal lesa dikt. Er også det feil?

Eg synest det er nyttig å tenka mindre på kjønn og meir på kva kvar einskild står for. På Skjervheimseminaret i haust har me eit panel med eldre, ubundne, vise menn: Kåre Willoch, Francis Sejersted og Peter F. Hjort. Kva om me i staden hadde eit panel med tre kvinner, frå det Elisabeth Aasen kallar «regjeringsplan» og «toppen i Akademia»? Kanskje dei ville stått for meir maskuline og meir teknokratiske tankar enn våre folk? Peter Hjort har i over 1000 dagar og 1000 netter trufast pleia si alvorleg sjuke kone — kanskje har han gjort seg sine tankar i denne tida, slik mange kvinner har gjort, i same situasjon?

Elles driv me seminaret på eit fritt og uavhengig grunnlag, utan økonomisk støtte frå det offentlege. Fleire av våre private sponsorar har også svikta oss i år. Er det framleis plass til kritiske og sjølvstendige seminar, i vår «globale landsby»? Med så mykje harmoni, så mange reformer, så mykje konformitet og så mykje vakker retorikk? Der Verdikommisjonen og Miss Universe har same edle mål: Å hjelpa - med pengar ovanfrå - dei fattige i verda?

Til slutt: Deltakarane sviktar oss ikkje, me har lange ventelister trass i at me leiger inn ekstra kapasitet i tillegg til Stalheim hotel. Gjennomsnittsalderen går ned. Og dei fleste er kvinner - nær 60 prosent! Er det rett å kalla eit seminar med 250 deltakarar frå heile landet og der kvinnene er i klårt fleirtal for «Manneseminaret på Voss»?