I desse dagar er det i alle medium oppmoding til folk om å spara på straumen. Kven skal spara?

Folk flest brukar ikkje meir straum enn dei må, og den stoda ein no er komen opp i er det politikarane som må ta ansvar for.

I 15-20 år har ulike selskap kome med planar om utbyggingar. Gasskraftverk, utbygging av vassdrag, og vindmøller. Noko er vorte nedstemt i Stortinget, og noko har miljøvernarane stoppa. Det ser nesten ut som dette har vore kjærkome for ulike regjeringar, dei har i alle fall ikkje gjort noko for å betra på tilhøva.

Trass i dette så er det på ettersommaren og hausten levert store mengder kraft til utlandet så statskassen har «håva» inn kraftkroner. No er magasina nedtappa, og no er det me forbrukarar som skal ta støyten, med ein skyhøg straumpris og i verste fall rasjonering.

Kva er det me har Energidepartementet for, er det ikkje å forvalta den energien me har til beste for folket. Her har dei ikkje gjort jobben sin, og burde vel funne seg noko anna og gjort på.

Det nyttar ikkje å skulda på haustvatnet som ikkje kom. Slikt har hendt, og kjem til å henda. År om anna får me turre haustar og førjulsvintrar. Eit år var det ikkje nemnande nedbør frå Larsok til Tomasmesse, så dei måtte mala kornet på handkvern for det var ikkje kvedna-vatn. Dette burde dei styrande fått med seg.

Det siste, og mest utrulege eg høyrde, var at det var Vestlandet som stod først på rasjoneringslista. Ja, dette er takk for hjelpa etter at Vestlands-fylka i år etter år har levert kraft til resten av landet, og til utlandet. Grunnen skulle vera at magasina på Vestlandet var mest nedtappa. Takka for det når dei har selt straumen til utlandet. Sanninga er den at mange av magasina på Vestlandet hadde overfylling på haustparten. Viss det skulle verta rasjonering, må ein ta til der det ville vera mest rettferdig. Dei første på lista er regjering og Storting, alle desse miljøvernarane, som slik eg forstår det, kan greia seg med so og sei ingenting. Så har me alle desse hytteanlegga i fjellet rundt om i landet som har like mykje forbruk ute som inne med varmekablar i vegar og gardstun. Dette kallar eg å fyra for kråkene, og særleg er det meiningslaust når det er mangel på straum.

SVERRE K. DALLAND, TYSNES